Lokalnytt

Planlegg vedlikehald av Grand hotell

To daglege leiarar, Espen Skrede Høidal i Møre Miljøsanering AS til venstre, og John Egil Giørtz Jacobsen i Flakk Eiendom AS på ruinane av motellet, og Sunnylvsfjorden bak seg.

Motellet ved Grand Hotell på Hellesylt er rive og blir køyrd vekk. Men det gamle hotellet skal stå og vil få tiltrengt vedlikehald alt denne hausten.

Dagleg leder ved Flakk Eigedom AS, John Egil Giørtz Jacobsen var innom Hellesylt denne veka for å sjå på arbeidet som Møre Miljøsanering AS utfører. Mykje av det som tidlegare var eit motellbygg er køyrd vekk, og i restane av rivingsmassa er det sortering av isopor og armeringsjarn som foregår.

Jacobsen synest firmaet jobbar godt. Han fortel at etter kvart blir det plen på området mellom hotellet og blendingsmuren ved sjøkanten. Langs elva kjem eit parkeringsområde.

Også i kjellaren til Grand Hotell har det foregått rivingsarbeid. Etter at vatn har trengt inn måtte alt treverk, veggar, golv og tepper fjernast. No er det rive heilt ned på betonggolvet og ut til alle murar. Kvar vatnet har kome inn er usikkert, men hellesylt.info er kjent med at under eit uver for ein del år sidan kom både sjø og overflatevatn inn kjellardøra.

Ein pub-disk i kjellarlokalet til hotellet er framleis inntakt, og til sals?

I kjellaren vil det foregå opptørking ei tid før kjellar og fyrste etasje blir sett i stand for bruk igjen, seier John Egil Giørtz Jacobsen. Også utvendig skal gamle Grand Hotell renoverast, seier han. På baksida av bygget mot sjøen skal det rivast vekk eit tilbygg, skiftast vindauge og til slutt ny bordkledning, Veggen skal bli mykje lik fasaden på framsida, seier Jacobsen, som også fortel at taket som ikkje vart fornya for nokre år tilbake skal reparerast no.

-Hotellet skal bli ståande så det er viktig å gjere nødvendig vedlikehald utvendig og deretter få i gong ny drift, seier Jacobsen. Han har alt fått signal om folk som ønskjer å drifte ein kafe/kafeteria i Grand Hotell på Hellesylt.

Rivefirmaet har framleis litt jobb med sortering. I bakgrunne Grand Hotell der ny standardheving er planlagt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380