Råsryddaren

Rune Hole med ryddesaga i handa, eit reiskap han alltid har med i tursekken.

Rune Hole er «vegvaktaren» for turgåarar. Stadig er han ute og fjernar kratt og skog, eller utbetrar turræser på andre måtar.

Nyleg møtte vi Rune Hole ved Holedalsvatnet. I handa bar han den vesle ryddesaga, klar for fjerde kveld med krattrydding etter råsa langs vatnet.

-Det er fleire som har kommentert at her hadde vakse skog og fonner han lagt tre over råsa. Då må det ryddast, eller så sluttar folk å gå her, seier Rune. Han hadde hatt tre kveldsøkter her tidlegare, og denne kvelden rekna han å gjere seg ferdig. Og råsa til 5-poengs trimposten fremst for Holedalsvatnet var blitt ryddig å gå.

Ny råstrase

Men dette er ikkje fyrste råsa i Sunnylven som Rune har utbetra. Nyleg rydda og skilta han ny råstrase til Nausane då den gamle traseen vart skada etter køyring og linjearbeid. Det er berre ei av fleire turræser han har fiksa på.

Største jobben han har gjort var med råsa i eit bratt parti til og frå Nokkenibba. I om lag tusen meters høgde var terrenget bratt og vanskeleg å forsere, men der vart det berre flott etter at han hadde jobba seg ferdig. Nyleg kommenterte ein turgåar at råsa var blitt så bra sidan sist vedkomande gjekk der, og vi kunne fortelje at «vegbyggjaren» var Rune Hole.

-Det var det året eg jobba skift, då var det å starte opp frå Hellebostad mot Nokkenibba, ein tur som tok ein time, jobbe ein time, og då viste klokka at det var på tide å returnere til løna jobb igjen. Slik heldt eg på nokre dagar, kanskje veker, så eg vart i god form, fortel råsryddaren Rune Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380