Siste banestemne i skyting

Skyttarar amla etter premiering av klassevinnarane med Ivar Fivelstad nr. to og Isak nr. fire fremst frå venstre.

I helga har skyttarar vore samla til samlagsstemne i baneskyting og stang- og felthurtigskyting i Engesetdalen, der deltakarar frå Sunnylven skyttarlag gjorde det godt på årets siste banestemne.

Tekst/foto: Sunnylven skyttarlag

På 100 meter stod Ørjan Frøysadal Hauge stod som tredje beste før finala i rekruttklassa med 243 poeng etter si innleiande skyting. Han oppnådde til slutt 337 poeng og forsvarte tredjeplassen.

Isak Elias Frøysadal Hauge skaut feilfritt under sin innleiande med poengsummen 250 og 22 sentrumstiarar, ein betre enn Elise Erstad frå Langevåg. Isak drog sigeren i land etter ein spennande finale med 100 og 10 sentrumstiarar, medan Elise var hakk i hæl med 100 med 9 sentrumstiarar.

I juniorklassa tok Kristian Andre Frøysadal Hauge 2.plassen bak Ola-Johan Dybvik frå Langevåg, etter 243 poeng i sin innleiande skyting og 100 i finalen som til slutt ga 343 poeng til Kristian.

I lagskyting utgjorde brødrene Frøysadal Hauge Sunnylven sitt lag. Også her var det jamt og spennande til siste slutt. Her skytast det eit ti skots grunnlag av alle skyttarane på laget. Det vart 298 av 300 moglege poeng totalt og ein 2.plass bak Langevåg som oppnådde feilfri skyting.

Gode seniorar

Oddmund Fivelstad deltok i V73 der han tok 5.plassen med poengsummen 245. I jægerklassa kom Madelen Selin Frøysadal Hauge på 2. plass med 232 poeng.

Seniorane frå Sunnylven gjorde det også godt under meisterskapet. Ivar Fivelstad slo til med 245 poeng i innleiande skyting og blei rangert fremst av alle. I finalen takla han presset og sikra sigaren med 99 poeng på finaleomgang og 344 poeng totalt. Andreas Riksheim Oldeide frå Sykkylven kom på 2. plass med 343 poeng.

Neste senior på listene blei Ola Vangen som skaut seg opp til 5. plass og 340 poeng i finala etter 241 poeng og 7.plass innleiande.

Kjell Oddvar Frøysa kom på 10. plass med 237 poeng. Dag Andre Hauge vart nr. 11 med 236 poeng.

Seniorane Frøysa, Vangen og Fivelstad representerte Sunnylven i lagskyting. Dei oppnådde poengsummen 285 av 300 moglege og tok 3. plassen bak Engesetdal/Skodje som vinnar og Sykkylven som nr 2.

Stangskyting

I stang øvelsen blei Dag Andre Hauge beste sunnylving med 3. plass og 18 treff totalt. Ivar Fivelstad blei raskast skyttar i felthurtigskyting med tida 14,01 sekund og ein 5.plass.

Ivar Fivelstad vant også napp i vandrepokalen «Presisjonspokalen» (15-skudden til klasse 3-5) med poengsummen 149. Det var Ivar Fivelstad sitt femte napp i pokalen som han med det vann til odel og eige.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380