Siste rapport frå Landsskyttarstemne

Her er deltakarane frå Sunnylven skyttarlag under Landsskyttarstemne samla. Framme frå venstre Isak Elias, Kristian Andre og Ørjan, alle Frøysadal Hauge. Bak frå v: Kjell Oddvar Frøysa, Ivar Fivelstad, Kirsti Frøysadal Hauge, Dag Andre Hauge, Ola Vangen. (Foto: Privat)

Landsskyttarsemne 2019 er over og sunnylvs-skyttarane vender nord- og heimover med kurs for nye stemne i heimeområdet. Her er siste oppsummering frå Evje.

Isak Elias Frøysadal Hauge hadde 250 poeng etter innleiande baneskyting. Litt uheldig finaleomgang enda med 98 av 100 poeng og poengsummen 348. Det gav ein 41. plass i klasse eldre rekrutt.

Kristian Andre Frøysadal Hauge gjekk inn i sin finale med 247 av 250 moglege poeng. Etter ei feilfri finaleskyting med 100 poeng og heile 10 av 10 sentrumstiarar klatra han opp på resultatlista til ein 41. plass også på han i eldre junior

Ørjan Frøysadal Hauge skaut til Det frivillige skyttarvesen sin Ungdomsmedalje

Fekk ungdomsmedalje

Ørjan Frøysadal Hauge nådde ikkje heilt opp til finale på baneskytinga, men det gjorde han på feltskytinga. Og etter ei spennande finale med litt vekslande værforhold prikka han inn tolv av tolv treff på sin figur med heile 7 treff i sentrum. Dette gjorde at han klatra heilt opp til ein 6.plass i klasse rekrutt og fekk tildelt Det frivillige Skyttervesen sin ungdomsmedalje.

Ola Vangen var einaste senioren frå Sunnylven som kvalifiserte seg til ei finale, feltfinalen. Her gjorde Dag Andre Hauge det godt i fjor med ein 6. plass til slutt. Vangen hadde to bom på innleiande skyting. Etter 9 av 12 treff med 3 treff i inner på finalen, stod han igjen med 37/3 og ein 343. plass.

Skogsløpet

Kristian Andre Hauge deltok også på NM Skogsløp med skyting. Innleiande skyting i feltrunde er utgangspunkt for løpet med 30 sek. tillegg i tid for kvar bom. Kristian Andre fekk 28 av 30 treff og måtte starte 1 min bak dei som hadde fullt hus. Dette blei for mykje å ta igjen på 3.0 km., men ein flott delt 4. plass til unge Kristian til slutt, berre 7 sekund bak nr. 3. Løpstida blei 11 min og 3 sekund, også her 7 sekund bak beste tid.

Lagskyting senior

Ivar Fivelstad skaut glimrande i lagskyting senior for Sunnmør tidlegare i veka, men for laget vart det ein litt skuffande 38. plass. Fivelstad prikka inn 99 på omgongen, og med fire sentrumstreff var han 11. beste skyttar i samlagsskytinga som Oppland vann med 392 poeng. Sunnmør med Christian Holstad Lilleng (91) Andreas Riksheim Oldeide (92) Ivar Fivelstad (99) og Trine Ramsvik Stette (95) fekk til saman 377 poeng.

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380