Søndagstur til Høgane

Like ved to store, verherja furu i Terdalen står trimposten Høgane, 600 meter over havet. Dit gjekk trimturen ein søndag i august.

Sunnylven IL sin trimpost på Høgane i Terdalen blir besøkt av mange på ski vinterstid. Litt trasigare er det å kome til posten om sommaren då underlaget kan vere våtsamt over myrar.

Det vart ikkje skitur til Høgane i vinter, men ein fin dag i august bestemte vi å ta turen. Og det etter ein veg og sti eg aldri har gått før. Det vart ei ny, fin oppleving, men bakkane var bratte også der som andre stader i Sunnylven.

Lyngvoll

Vi søkte nabofylket for å starte vår søndagstur. Like ved grensemerket mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane parkerte vi vår gamle, trufaste Golf og tok turen fatt. Det gjekk inn i Nordfjord før vi tok av på gardsvegen til Lyngvoll. Etter nokre hundre meter på grusveg dukka eit idyllisk gardstun opp. Gamle, velstelte bygningar med frodige, grøne grasmarker ikring. Ei lita perle, nesten teke ut av eventyrboka for ein som kom dit for fyrste gong. At her ikkje bur folk fast er nesten rart, men nye tider med krav til effektiv stordrift har ført til fråflytting frå slike. Bra likevel at slike plassar blir stelt og kulturjorda blir hausta.

Etter ein gamal traktorveg heldt turen fram mot trimmålet. Vi klatra over grinda og så møtte vi bakkane, bratte som unnarennet i Holmenkollen. Her var det berre å ta korte steg i sakte tempo for ein person som har 26 igjen til hundre. Men vi steig i høgda og snart låg Terdalsætra framfor oss med både gamle og nye, lafta sæterhus. Til venstre og over elva låg målet for turen, fem poengs trimposten Høgane. Ei stor betongbru gjorde det enkelt å krysse elva, og vi var framme ved den mørkegrøne kassa med poengboka inni. Eit nytt mål for sommartrim var nådd, men at det berre var fem skarve poeng å notere var alt for lite poeng etter så mykje pusting og svette, tykte eg der og då. Og få personar har gjort turen hit etter at snøen smelta. Vi var nummer tre og fire etter påske.

Terdalsætra

Det vart ein flott søndagstur med utsyn mot Hornindal i sør og Kjellstadli og Langedalen den andre vegen. Og her fekk vi besøk av to andre «sprekingar» frå heimbygda. På naturen sitt variable møblement vart vi setjande og slå av ein prat om både eitt og hint, for veret var så bra, god temperatur, ikkje vind eller nedbør.

Etter kvart vart det tid for heimtur igjen, også den utan uhell av noko slag. Og ved grensebautaen stod den svart Golfen og venta for å frakte oss begge heim frå nok ein fin tur. Og til deg som har lese dette,- Takk for turen!!

 

Utsyn mot Hornindal

Kjellstadli og Langedalen

To samanvaksne furu er «naboar» til trimposten på Høgane.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380