Lokalnytt

Sp-leiar besøkte Stranda kommune

Partileiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum til venstre og ordførar Jan Ove Tryggestad framfor Skinkerådhuset.

Tysdag var Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum på besøk til nord-Vestlandet. I Sp-styrte Stranda kommune fekk han både sjå og smake på det matkommuna har å by på.

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad inviterte partileiar Trygve Slagsvold Vedum med følgje til servering i Skinkerådhuset i kommunesenteret. Etterpå gjekk turen til Hellesylt og omvising på den største arbeidsplassen i bygda, Ole Ringdal AS, før turen gjekk vidare til Hornindal for å gjere seg kjent med tilstanden til fylkesveg 60 gjennom nabobygda. Til slutt var det val/folkemøte i Ivar Aasen-bygget i Ørsta.

Skulen, grunnleggjande verdi

Hellesylt.info fekk eit kort intervju med Sp-leiaren heilt på slutten av ein lang dag. Stranda kommune hadde gode kvalitetar og fine plassar som Hellesylt, tykte Vedum. At bygda hadde og vil få behalde eigen skule var grunnleggande verdiar som andre små samfunn også burde ha. Han hadde merka seg at staden også hadde andre viktige tenestetilbod.

Skinkehovudstad

Turen til Stranda tysdag starta i kommunesenteret, på Skinkerådhuset. Stranda kallar seg skinkehovudstaden, og det med rette. Under samlinga presenterte fabrikksjef ved Grillstad, Stranda, Geir Johansen ei av dei store bedriftene innan spekemat og spekeskinke her i landet.

Det som tidlegare var Stranda Spekemat gjekk i 1995 inn i Grillstad-systemet, og har stått ekstremt støtt i konsernet frå då, sa Johansen. Bedrifta i Stranda med rundt hundre ansatte produserer store mengder spekeskinke, men konkurransen i marknaden på pris er hard. -Bedrifta har ikkje så langt gått inn i priskarusellen, men vi konkurrerer heller  på kvalitet, sa han.

Sp-toppane Tryggestad t.v. og Vedum fekk god orientering frå dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal under bedriftsbesøket.

Størst på Hellesylt

Etter samlinga i Skinkerådhuset, var det dags for bedriftsbesøk til kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt. Også det ei bedrift som har fått ry på seg for kvalitet og står støtt i marknaden.

Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal orienterte om hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt, frå bestefaren starta opp for vel 80 år sidan og gjennom nybygg og utvidingar, den siste til 60 mill. kroner for to år sidan. –Vi har investert som vi har hatt råd til, har vi tent ei krone har vi investert for 50 øre. I dag har bedrifta ei grunnflate på 8.200 kv.m., vi selde 2300 tonn ferske kjøttvarer og spekemat og hadde ei omsetning i 2018 på 154.- mill. kroner. Fast tilsette varierer frå 60 til 90, fortalde Ringdal.

Verdiskaping

Trygve Slagsvold Vedum fekk sjå gjennom ei stor og trygg bedrift ute i distriktet. Det var ei moderande bedrift med lokalt eigarskap, og med arbeidsplassar for mange lokalt tilsette. -Her vart det produsert verdiar og det mest grunnleggjande som vi må ha, nemleg mat, sa Vedum.

Det vart opplyst under besøket at i «matkommuna» Stranda med 4.500 innbyggjarar jobbar rundt 800 innan mat / næringsmiddelindustrien.

Frå bedriftsbesøk ved Ole Ringdal AS. Frå venstre Jan Ove Tryggestad, Trygve Slagsvold Vedum, Ole A. Ringdal og Petter Hjørungdal, leiar i Stranda Sp.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380