Stranda kommune er ei god kommune for oss alle

Kommune -og fylkestingsval 2019

I sitt lesarinnlegg gjev Knut Hole ros til kommuneleiinga for måten Stranda kommune har blitt styrt på. (Foto frå arkivet)

-Eg hadde ein god kollega og ein god ven gjennom 50 år. Når vi diskuterte ting bruka han å seie; sjølv du Knut må forstå dette!

Lesarinnlegg frå Knut Hole

-Slik kollegaen min formulerte seg har eg lyst til å seie til Frank Sve.; Sjølv du må forstå at slike innspel du har på nettstaden hellesylt.info måndag 26. august er direkte usanne og ikkje minst veldig upassande. Jan Ove Tryggestad og dei aller fleste, kanskje 98 prosent, har gjort ein god jobb for Stranda kommune. Dei er valt til å gjere det og har lukkast med det, og takk for det. Å rette opp ting tek tid og det er ikkje alltid lett.

Stranda kommune er ei fin og god kommune å bu og jobbe i. Vi må vere glade for at vi er så heldige. Dei som er valt til å styre Stranda kommune har teke grep om det har dukka opp problem som måtte løysast. Vi som bur her må vere stolte av å tilhøyre Stranda kommune.

For meg er det i denne samanheng ikkje noko som heiter Stranda, Liabygda, Geiranger eller Hellesylt. For å lukkast i arbeid er det to ting som er veldig viktig å ta med seg. Det er vennskap og respekt for kvarandre. Vår noverande ordførar står for desse to tinga. Vi andre som bur her må også vise vennskap og respekt, for då vil Stranda kommune bli enno betre å bu i

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380