Lokalnytt

Toalettet ved Flofjellvegen stengt

Serviceanlegget med Jet vakuumtoalett, drive av batteri oppladda av solcellepanel stod ferdig til bruk 1. juli 2016. På bildet frå venstre grunneigar Egil Røyrhus, næringssjef Inge Bjørdal, og Lillian Aasheim frå Stranda kommune.

Toalettanlegget ved parkeringsplassen på Vollset er stengt. Oppsamlingstanken er overfull og må tømast lenge før forventa tømming i september.

Sommaren i år har ført med seg stor trafikk av gåande og syklande etter den populære turvegen mellom Vollset og Flo i Stryn. Grunneigar Egil Røyrhus fortel om svært stor trafikk og langt fleire personar i år enn tidlegare.

At alle «trengande» er innom toalettanlegget på Vollset når turen starta eller blir avslutta er flott ut frå eit miljøhensyn, men i sommar har det vist seg at behovet er større enn kapasiteten. Indikatoren for septiktanken viste «Heilt fullt» onsdag 31. juli. Det var berre å stenge, seier Egil Røyrhus.

Må diskuterast politisk

Fredag kveld kjem Miljøservice for å tømme tanken. Då må det også fyllast på fleire tusen liter vatn før toalettanlegget kan takast i bruk igjen. Tømming og påfyll av vatn vil koste Stranda kommune fleire tusen kroner, opplyser næringssjef Inge Bjørdal. Han ser ei utvikling innan toalett og sanitær service, og kostnadane med dette som må takast opp til politisk behandling.

–Turistane har sine toalettbehov, men vil ha det gratis både på Hellesylt og andre stader, noko som påfører kommunen betydelege utgifter. Vi ønskjer det reint og ryddig i naturen vår, men vi har fleire eksempel på tilgrising og tømming av toalettavfall ukontrollert. Politisk må det no diskuterast korleis ein vil finansiere desse servicebehova for turistane, og ei form for turistskatt bør vel snart kome. Det er i alle fall vanskeleg å få betaling på annan måte. Som eksempel vart det søkt cruiseselskap om tilskot til oppgrusing av turvegen over Flofjellet, men vi fekk ikkje svar, seier Inge Bjørdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380