Lokalnytt

Tok fagbrev som tømrarar

Ved byggfirmaet HT Bygg Hellesylt har to unge snikkarar, Stian Frøysa og Ottar Frøysa Hellebostad nyleg avlagt fagbrev som tømrarar.

Svært mange av HT Bygg Hellesylt sine 25 tilsette har fagbrev, og nyleg avla to til prøva til fagbrev som tømrarar, fortel dagleg leiar Øystein Ljøen. Ottar Frøysa Hellebostad og Stian Frøysa har jobba ved bedrifta i to år som lærlingar etter ferdig vidaregåande skule

Godkjent læringsbedrift

I kortheit omfattar tømrarfagbrevet at vedkomande jobbar sjølvstendig, planlegg eit arbeid og gjennomfører det. Det skal vere variert arbeid og innehalde mellom anna konstruksjon, og montering eksempelvis av dører og vindauge. Alt blir planlagt i samarbeid med sensor. HT Bygg Hellesylt er godkjent som læringsbedrift på grunn av geografi og beliggenheit, og nyttar sensor frå Ørsta som jobbar for fylkeskommunen, fortel Øystein Ljøen.

Ottar Frøysa Hellebostad og Stian Frøysa arbeider ikkje i byggfirmaet akkurat no. Ottar har permisjon på grunn av militærteneste, og Stian har starta skulegang i Trondheim. Ljøen håper begge kjem tilbake som fast tilsette.

Starta dotterselskap

HT Bygg Hellesylt er inne i ein periode med stor ordretilgang og har behov for meir fagfolk. Sjå HT Bygg si heimeside på reklameknappen på hellesylt.info.

Som følgje av mange oppdrag har byggfirmaet utvida med eit dotterselskap i Ålesund som heiter HT Bygg Ålesund. Der er i dag seks tilsette, men ordretilgangen er god så det kan bli behov for fleire også i det nye selskapet, seier dagleg leiar Øystein Ljøen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380