VM-gull til Siri og Norge

Siri Korsbrekke er toppspelar i undervannsrugby og har fleire titttlar og medaljer frå meisterskap. Laurdag vart ho verdensmeister med Norge

Siri Korsbrekke og resten av det norske kvinnelandslaget vart verdensmeistrar i undervannsrugby. Dei vann 1-0 over Tyskland etter forlenga speletid.

Det vart ein jamn finalekamp mellom Tyskland og Norge i undervannsrugby i Graz i Austerrike laurdag. Det stod 0-0 ved full tid, men i forlenging av kampen sette Gerd Anne Solibakke frå Ålesund ballen i «målet», og VM-tittelen var sikra.

Dette var ein fin revansj for dei norske damene. Også i 2015 møttest dei to laga i finalen, og då vann Tyskland 3-0. Norge reiste heim frå Colombia med sølv den gongen, men laurdag kunne dei norske damene juble for VM-tittel, pokal og gullmedaljer.

Siri Korsbrekke, oppført frå Ålesund, men med solide slektsband og namn frå Sunnylven var fast og mellom dei mestskårande på det norske laget. Norge hadde «lett» motstand i dei innleiande kampane mot Italia, Storbritannia og Australia og stod med 100-0 i målskilnad. I utslagsrundane vann laget 7-1 over Sverige, 3-2 over Colombia, og til slutt 1-0 over Tyskland.

hellesylt.info gratulerer Siri Korsbrekke og resten av laget med VM-gullet.

Det norske laget som vart VM-vinnarar i undervannsrugby. (Foto: Norges dykkerforbund)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380