4H med samlingshelg i Valldal
Helga 13. – 15. september skal det klatrast i stolpar, dansast på line, steikast på bål og mykje meir i Valldal. Det er klart for storkurs i regi av 4H Møre og Romsdal og Ruggå 4H.
Presseskriv 4H
-Vi gler oss til å få besøk av mange ungdomar frå heile fylket, smiler Lill-Mari G. Remset, leiar i Ruggå 4H. Vi har lært mykje gjennom planlegginga og er sjølvsagt alltid spent på gjennomføringa. Har vi nok mat? Klarer alle å kome seg til den planlagde fjelltoppen? Hugsar alle å gjere sine oppgåver?
I 4H er mottoet «å lære ved å gjere» og ungdomane i Ruggå 4H har allereie lang erfaring med å planlegge og arrangere. Dei vaksne klubbrådgjevarane i klubben rettleiar undervegs.
-4H-vener på tvers av klubb og fylkesgrenser er det beste med 4H, fortel Lill-Mari. I tillegg får vi lære mange ulike ting. I helga skal vi ha kurs i mellom anna linedans, hår fletting, friluftsliv og klatring. Dei vaksne kan delta på kaffesmaking og dei eldste ungdomane kan lære om marknadsføring.
4H Møre og Romsdal består av heile 35 lokale klubbar med til saman 550 medlemmer. Storkurset blir arrangert årleg på ulike stader i fylket. I 2018 deltok til saman 470 medlemmer på arrangement i regi av fylkeslaget!