Bra oppslutning om Kløvertur

Kløvertur med Sunnylven sanitetslag fekk deltaking av 26 unge og eldre. –Verdt å arrangere med så god oppslutning, sa sanitetsdamene.

Veret var upåklageleg og kveldsmaten like flott då sanitetslaget inviterte til haustens fyrste Kløvertur onsdag. I alt 26 personar deltok, 17 gjekk til trimposten på Shell-kaia og tilbake, andre kom frå omsorgssenteret til kyrkjelydshuset og hadde sin kveldstur i sentrum saman med andre. På kyrkjelydshuset var det til slutt samling med god drøs og servering av kveldsmat, eit bord med alt det beste av brød, pålegg og drikke.

Det blir fleire Kløverturar seinare i haust, får vi oss fortalt. Og det er plass og kveldsmat til fleire så føl med på annonsering, og bli med!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380