Damekamp på Hellesylt stadion

Stranda og Sunnylven har felles damelag i 4. divisjon kvinner. Søndag spelar laget mot Bergsøy på Hellesylt stadion.

Resultata for laget har variert mykje gjennom sesongen, frå sigrar til store tap. Laget kom godt i gong med sesongen og vann mot både Hødd 2 og Bergsøy, og seinare har det også blitt tre poeng mot MSIL. Laget står med 9. poeng på ni kampar og har 6. plass på tabellen i 4. div. kvinner.

Søndag er det Bergsøy som er motstandar på Hellesylt stadion, eit lag dei slo 4-0 i mai. Olene Lade er toppskårar for Stranda/Sunnylven med ni mål. Laget har også fleire spelarar frå Sunnylven, og to av seriekampane i år blir spela på Hellesylt stadion. Fyrste lag er Bergsøy 8. september kl. 15.00, og fredag 27. september er det returmøte mot Ørsta som vann vårkampen 8-2.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380