Lokalnytt

Dette vil Stranda Arbeidarparti!

Lesarinnlegg frå Knut Dag Langeland -1 kandidat og Inger Helen Abelsen leiar-2 kandidat Stranda Arbeiderparti.

-Handlingsrommet er noko betre no som vi er ute av Robek. Dette er takka vere svært lojale og dyktige medarbeidarar i heile den kommunale sektoren, eit handlekraftig næringsliv og eit godt politisk samarbeid på tvers av blokkene. Stranda kommune har framleis høg lånegjeld og renta er på veg oppover. Store og tunge investeringar står for tur, og det er eit stort etterslep på vedlikehald av bygningar og anlegg i kommuna.

Vi ønskjer å prioritere barn/unge , helse/omsorg, legge grunnlag for at næringslivet skal utvikle og styrkje seg og skape fleire og trygge arbeidsplassar.

Framleis god og ryddig økonomisk styring er nøkkelen for å kunne halde fram med å gje gode kommunale tenester i alle bygdelag. Vi i Stranda AP er opptekne av å sikre at vi har nok hendre til å utføre dette arbeidet.

AP meinar at ein framleis treng eigedomsskatt for å kunne møte utfordringane knytt til nybygg, rehabilitering og for å kunne oppretthalde dei lovpålagde tenestene.

Stranda AP har som mål å trappe ned eigedomsskatten, for så å fase den ut når ein har fått betra handlingsrommet.

RO-prosjektet som har pågått ei tid i kommuna, og som no er i sluttfasen, har fått mykje merksemd i det siste. Prosjektgruppa som er samansett av fagpersonar frå ulike fagmiljø og konsulent frå RO, kjem no med forslag til korleis ein kan løyse utfordringane i omsorgstenestene i åra som kjem. Vi i AP meinar at det er fornuftig å lytte til fagfolk. Det er dei som veit kvar skoen trykkjer mest, og kva dei meiner enn bør gjere/satse på. Folkemøter vert skipa til i bygdelaga der RO-planane vert lagde fram. Her vil vi få nyttige innspel frå innbyggjarane. Dette vil samla sett gje det nye kommunestyret eit godt og framtidsretta vedtaksgrunnlag.

Når det gjeld kommunesamanslåing vil Stranda AP vere med på eit arbeid for å sjå kva ein kan få til gjennom ein ny intensjonsavtale med Sykkylven. Vi veit kva vi har og får levert av Stranda kommune, men ikkje heilt kva vi får eller mistar. Difor er det viktig at innbyggjarane vert involverte i prosessen og at ein får fram fakta. Først då kan innbyggjarane gjere seg opp ei meining om kva ein tykkjer som er det rette.

Arbeiderpartiet er oppteken av ei god integrering av våre «nye Strandarar», ei befolkningsgruppe som yter ein viktig innsats i arbeidslivet i kommunen vår. Dei skal vere trygge på at vårt grunnsyn og politikk er «i slekt med» dei sosialdemokratiske partia i Europa.

Vi trur på eit samfunn der alle skal vere med !

Måndag 9. september er det val, og då er det viktig at alle brukar stemmeretten sin.

Godt val.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380