Får fram ei «perle» på Hellesylt

Berre blendingsmuren og brygga mot sjøen står ingen i området der motellbygget frå tidleg 70-talet stod.

Møre Miljøsanering AS har hatt jobben med å rive og rydde vekk motellbygget ved Grand Hotell på Hellesylt. No er tomta planert og klar for tilsåing.

Anleggsgjerdet var borte og maskinkøyrar i Møre Miljøsanering AS, Espen Ulset Lade var i ferd med i å svinge gravemaskina for dei siste planeringar på tomta bak Grand Hotell. Ein haug med singel skulle jamnast og bli parkeringsplass ved elva. Om hagen/parkområdet blir tilsådd i haust eller fyrst til våren visste ikkje Espen Lade, men tomta der motellet frå tidleg 70-talet stod var i alle fall strøkent planert med steinfri jord.

No står berre muren og brygga mot sjøen igjen av det gamle anlegget, og utsikta mot Sunnylvsfjorden har blitt fantastisk og storfelt. Her er eit unikt område som Hellesylt har får tilbake, og ei naturperle vi håper eigaren får gjere seg nytte av.

Når singelhaugen er planert til parkeringsplass ved elva er jobben gjort i denne omgang, sa masinkøyrar Espen Ulset Lade.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380