Lokalnytt

Feira fagbrev med kake

FEIRA FAGBREV: Olene Lade til venstre og Madelen Seline Frøysadal Hauge fekk forsyne seg fyrst av den store marsipankaka.

Etter to år som lærling ved kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS har Olene Lade avlagt prøve som pølsemakar. 20-åringen besto krava med glans

-Eg var litt nervøs den siste halvtimen før eg skulle lage dei pølsevarene som var kravet til fagbrevet. Men når eg kom i gong gjekk det i grunnen greitt, seier Olene Lade. Vi set ved eit bord i kantina ved Ole Ringdal AS, for her skal det feirast med kake mellom alle dei rundt 90 tilsette at Olene Lade har avlagt og bestått prøva til fagbrev som pølsemakar, og at besteveninna Madelen Seline Frøysadal Hauge tok fagbrev som slaktar tidlegare i år.

Som Madelen gjekk også Olene to år ved matfag Stranda vidaregåande skule etter fullført grunnskule. I august 2017 starta dei yrkeslivet som lærlingar ved Ole Ringdal AS. Ofte køyrer Olene den halve mila til og frå arbeidsplassen med sin ATV, enkelte gonger med besteveninna Madelen bakpå. Om ho er redd? Nei Olene har full kontroll, svarer ho.

Bjørn Tryggestad til venstre har vore god læremeister for den nye pølsemakaren ved Ole Ringdal AS, Olene Lade.

Olene Lade har lika seg godt på arbeidsplassen som fram til no har vore dominert av mannfolk. Men her har ho lært det som vart til nytte når ho skulle avlegge fagprøva. Pølsemakar Bjørn Tryggestad har nok lært henne mest, men også fleire andre med lang erfaring har kome med gode tips, seier ho. Ho lagar alle slag pølser, mør og pålegg , også handlaga.

Det var pølsemakar Oddbjørn Hole frå Ålesund som var sensor under prøva. Her skulle Olene lage Danskrull, grillpølse og Røykte Kjøttpølse. Det gjekk heilt fint, også å svare på dei teoretiske spørsmåla som fylgde med, om råstoffet, tillaging og røyking. Sensor hadde ingen ting å bemerke, og eit fyrste, midlertidig fagbrev vart skrive ut same dag. Det rette fagbrevet kjem i posten, får vi oss fortalt.

-Du må skryte av dei begge, dei er så flinke så vi vil gjerne ha dei her lenge, fekk vi oss kommentert då vi kom inn døra i kjøttvarebedrifta og det ryktes at vi skulle prate med dei unge fagarbeidarane. Jau, dei blir der, dei har ikkje planer om å slutte.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380