Lokalnytt

Festmåltid på Fårikålens dag

Godt råstoff og dyktige kokker, det blir god fårikål. Frå venstre Mia Sjåstad, Kari Hauso Stadheim, Inghild Storstein, Gerd Helset, Liv Jorun Spostøl, og Ole Arnstein Ringdal.

Torsdag fekk alle ved Sunnylven omsorgssenter seg servert fårikål og anna som høyrer med. Det heile kom i stand etter at Liv Jorun Sporstøl ved daglegvarebutikken Joker tok opp tanken.

Liv Jorun snakka med fleire, mellom anna leiinga ved Ole Ringdal AS, og det vart bestemt fårikål på Fårikålens dag. Hjelp med kokkinga fann ho mellom kundane sine på butikken. Det var berre å spørje og svaret var ja, både frå bygdekvinner og sanitetskvinner.

Klokka 09.00 på Fårikålens dag starta tillaginga og frå kjøkkenet dufta det herleg, vi kjente at svolten steig i oss. Her vart det festmåltid av det beste frå norsk jordbruk, bog av stjernelam, beita i Verdsarvområdet, fortalde dagleg leiar ved Ole Ringdal AS. Også det andre av råstoff var av prima vare, krydder, kål, poteter og gulrot, kortreist og spandert av Joker. Og Liv Jorunn ved daglegvarebutikken hadde enno meir go`saker å servere til bebuarane, nemleg is og frukt til dessert. Snakk om festmåltid.

Frå store gryter blir det gode måltidet ausa opp.

Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal var innom kjøkkenet med varer. Han tykte det var eit flott initiativ av Liv Jorun, og å bidra til måltidet tykte han var berre kjekt.

–Dette var eit godt tiltak så difor spanderte vi det beste av norsk kjøtt, beita på norsk fjellgras. Vi må stelle pent med dei gamle som har vore med å bygge opp samfunnet og det gode landet vi bur i. Og vi må gjere eit omsorgssenter triveleg å bu på, og då er god mat ein av faktorane. Kanskje endar vi der sjølve også ein gong, sa Ole A. Ringdal.

Liv Jorun Sporstøl tykte også at matgåva var vel unt. Ho fekk hjelp av mange med tillaginga, av medlemer frå sanitetslaget og bygdekvinnelag, og av betjening ved omsorgssenteret med servering. Ho ønska å takke alle så mykje for hjelpa.

Så var det klart for servering, noko mellom andre Inger Ringdal Sæter t.v. og Deside (Spania) hjelpte med.

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380