Lokalnytt

Fiskar og fangar stamlaks til klekkeriet

Det var stor spaning når det fyrste notkastet vart hala mot land.

Elveeigarar og sportsfiskarar i Korsbrekkeelva har hatt spanande dagar. No blir stamfisken til komande laksefisk i elva fanga inn til klekkeriet i Husøyna.

Etter ein fiskesesong der fangstane av laks og pjakk til slutt enda på tre fjerdedeler av eit normalår har spaninga vore om opptaket av stamlaks til klekkeriet blir bra nok. Dei to siste vekene er det blitt brukt både kastenot og det er blitt fiska med stang. Resultatet er brukbart, men framleis manglar nokre ho-fisk, seier Glenn Wernersen.

Tre notkast

Laurdag vart det brukt kastenot i Steimshølen. Det gjekk ikkje som dei ti ivrige karane for kultivering av Korsbrekkeelva håpa på. Fyrste kastet enda med to hann-laks, andre kastet sette nota seg fast i stein i botnen og var fisketom. Det same vart eit tredje kast. –Vi satsar på nytt ein av dei neste dagane, sa Wernersen.

To han-laksar vart fangsten frå fyrste notkast, den eine på rundt 10.- kilo.

Oteren ei plage

Og det var ikkje fyrste gongen kastenota sette seg fast i botnen i Steimshølen i haust. To kast for nokre dagar sidan enda med botnfast not og resultatlaust. Det vart rekvirert sportsdykkarar frå Stranda og ein traktor med vinsj, og ein stein på rundt halv kubikk vart dregen til lands, fekk vi oss fortalt.

Elveeigarlaget har fått frist av Fylkesmannen til å ta opp all stamlaks før 1. oktober, langt tidlegare enn som har vore vanleg i elva gjennom 90 år med kultiveringsarbeid. Og det er ikkje berre datoen elveeigarane må forhalde seg til. Ein storfiskar i Korsbrekkeelva er oter. Det er sett tre dyr på ein gong og funne fleire fiskar døde på land, Kanskje er det bra at stamlaksen kjem i kummane ved klekkeriet før oter, som er totalfreda gjer ende på resten, seier Glenn Wernersen.

Streng kontroll

I kummar går no 14 laks, mest hannfisk så dei ønska seg fleire av det andre kjønnet. Elveeigarane har konsesjon på å ta opp 12 laksar av kvar sort.

Ved klekkeriet i Husøyna blir det til vanleg avla fram rundt 100.000 yngel kvart år etter strenge reglar. Glenn Wernersen fortel at det blir sendt inn skjell-prøver av alle stamlaksar for å slå fast at laksen er ein Korsbrekke-laks. Det blir teke prøver av både mjølke og rogn for å få stadfesta at arvematerialet er friskt, og før yngelen er klar for utsetjing i den kjende lakseelva har det vore seks veterinærbesøk innom klekkeriet.

I kummar like ved klekkeriet i Husøyna står laksen ei tid, fram til den er klar for stryking.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380