Folkemusikk svinga med Sommer Trio

Sommer Trio imponerte stort med konserten i Lensmannsstova. Frå venstre Marius Berglund, Ingeborg Ulberg Sommer og Kristina Farstad Bjørdal.

Sommer Trio, tre unge musikarar frå Moelv, Røros og Tennfjord er ute på turne og formidlar folkemusikktradisjon. Tysdag kveld begeistra dei eit 30-talls unge og eldre i Lensmannsstova på Lillebø i Sunnylven.

Vi har opplevd mange flotte konsertar hos Synnøve og Hans Hole, vertskap og eigarar av Lensmannsstova. Der har fleire dyktige musikarar formidla musikk frå ulike instrument. Tysdag kveld vart eit nytt høgdepunkt då Sommer Trio gjesta det gamle stovehuset med sin folkemusikkonsert. Her fekk publikum møte profesjonelle musikarar på akkordion, trekkspel og fele, framføringar og spel i verdsklasse var kommentarar som summa mellom publikum etterpå.

Det starta med Springar frå Sunnmøre etter Jens Synnes, og då var standar for konserten sett. Og på repertoaret stod fleire melodiar frå Røros, pols, reinlender og salmetonar, det vart bruremarsjar, folketone frå Innfjorden, Todalsvals, og ein komposisjon av Britt Pernille Frøholm frå Hornindal, og dei hadde også kvar sine solonummer på sine instrument. Heilt til slutt vart Gunhild Sindre og Synnøve Hjellbakk Hole, begge på fele med i eit fellesnummer, ein melodi av Jens Synnes. Og vi kunne på nytt skrive musikalsk høgdepunkt, gjerne med gullskrift om vi hadde.

Sommer Trio måtte bla fram frå noteboka ein ekstra melodi, det «kravde» publikum til slutt. Det vart ein feiande flott pols som sette eit verdig punktum på ein imponerande konsert.

Sommer Trio består av Ingeborg Ulberg Sommer, Røros og fele, Marius Berglund, Moelv trekkspel og akkordeon, Kristina Farstad Bjørdal, Tennfjord trekkspel og akkordeon. Alle er profesjonelle musikarar og turnerer no rundt i Møre og Romsdal der Ørsta og Sjøholt står for tur dei neste dagane. Der har publikum noko å glede seg til.

Alle har utdanning og vart kjende med kvarandre ved musikkhøgskulen i Oslo. Etter utdanninga var dei med i ei større gamaldansgruppe, men etter ei tid vart så Sommer Trio til. Repertoaret og som dei er mykje opptekne av er å bevare og formidle folkemusikktradisjonen, fekk vi oss fortalt. Marius har i tillegg til å vere profesjonell musikar ei stilling innafor Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal.

Det var kjekt å spele i Lensmannsstova, tykte dei. –Flott publikum, eit lokale som var godt å spele i, og ikkje minst eit hyggeleg vertskap. Dei kom gjerne tilbake ved eit seinare høve.

I eit felles nummer til slutt var også Synnøve Hjellbakk Hole t.v. og Gunhild Sindre med.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380