Notiser

Foreslo nye bueiningar for eldre på Hellesylt

Planskissa som Jan Erik Øksvang la fram på folkemøtet måndag kveld.

Under folkemøtet på Hellesylt om planane for helse –og omsorgstenesta i kommunen, la Jan Erik Øksvang fram ei skisse og sine tankar om nye bueiningar for eldre nær Sunnylven omsorgssenter.

Ideen som Øksvang la fram både som planskisse og med sine kommentar til gjekk på å reise eit bygg med fleire små leilegheiter på tomta der meieriet stod. I dag er ikkje dette arealet kommunalt, men eigd av private.

Nær omsorgssenteret

Bygget skulle tene som bustad for eldre som ikkje trong heildøgn omsorg, men som ønska ei tryggheit og nær tilknyting til omsorgssenteret, eller til ektepar der den eine trong litt hjelp. I dag blir ektefeller ofte skilde frå kvarandre i eldre år, den eine bur på omsorgssenter medan den andre bur heime. Eit bygg på meieritomta kunne gjere at dei to fekk bu saman lenger, sa Øksvang. Bygget kunne også vere bustad for tilflytte som hadde jobb på omsorgssenteret, for ofte hadde desse problem med å finne seg ein stad å bu på Hellesylt, sa han.

På planen som Jan Erik Øksvang tala varmt for var innteikna eit nytt bygg med tre eller fire bueiningar og parkering. Han hadde også teke med ønskje om å få ferdig ein såkalla sansehage framfor hovudbygget, og han hadde merka av at senteret måtte få eigen kokk.

Gode tankar

Ordførar Jan Ove Tryggestad kommenterte planen som Øksvang la fram til fleire på folkemøtet. Det kunne ikkje kallast omsorgsbolegar, sa ordføraren, men han lova å ta forslaget seriøst, for det var viktige tankar som vart reist. Og han forsto at det ikkje alltid var så lett når to eldre etter mange år i lag måtte bu kvar for seg. Ordføraren kunne sjølvsagt ikkje love noko bytt bygg, men planen ville han ta med seg og diskutere seriøst i rette fora. Men ein ting skulle han love, pengar til den mykje omsnakka sansehagen ved omsorgssenteret skulle kome med på budsjettet for neste år.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380