Fyrste Kløvertur i haust

Sunnylven sanitetslag inviterer til kveldstur i Hellesylt sentrum, eller lenger om ein ønskjer. Etterpå blir det servert gratis kveldsmat på Kyrkjelydshuset.

Vi minner om kveldstrimmen, Kløvertur med sanitetslaget i dag onsdag 25. september, og som er den fyrste i haust. Sjå kalendar til venstre på sida «Kva skjer på Hellesylt».

Det er start frå Sunnylven kyrkjelydshus kl. 17.30, og kvar enkelt går så langt ein ynskjer, det vere seg rundt om i Hellesylt sentrum, eller til Shell-kaia. Etterpå inviterer sanitetsdamene på god kveldsmat. Ver og føre ser ut til å bli topp, så bli med på sosial vandring i og kring Hellesylt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380