Lokalnytt

Gåver og gode ord til Stein Karstensen

Mange gode kaker var sett fram på kyrkjelydshuset, mellom ei marsipankake med påskrift -Takk for innsatsen Stein.

Etter gudstenesta var det samling på Sunnylven kyrkjelydshus med kyrkjekaffi. Der fekk den avtroppande presten blomar og gåver, og velfortent ros.

Prost Svein Runde var den som sette Stein Karstensen inn i prestetenesta i oktober 2013. Etter det har det blitt mange samtalar mellom dei to, fortalde Runde. Dei har drøfta mange saker på møte i pesteforeininga, minst ein gong i året, -og vi har blitt samde, la han til.

-Sunnylven og Geiranger var ein stad der det var godt å vere prest, det trur eg du også har opplevd, sa Runde. Han gav eit lite tilbakeblikk på alt Karstensen hadde gjort før han vart sokneprest, og han mintes eit fyrste møte på Molde. Alt då hadde han blitt ein viktig person i eit større område. Han hadde lært kollegaen å kjenne som ein ryddig kar, med planar og system og stor gjennomføringskraft for det som skulle skje. –Du har vore visjonær, har villa noko med tida di og fått det gjennomført. Og ikkje minst, gjennom din kunnskap har du skapt bilete og snakka om ein levande Gud, sa prost Svein Runde. Han takka Stein Karstensen så mykje for prestejobben i indre strok og ønska han mange gode fridagar.

Prost Svein Runde hadde mange gode ord til Stein Karstensen, saman med ei lita avskilsgåve.

God organisator

Under møtet på kyrkjelydshuset vart det fleire helsingar, mellom anna frå dagleg leiar i Storfjord kyrkjelege fellesråd, Petra Riste Synnes som hadde med eit lite tre som ho håpa fekk sin plass i hagen til den avtroppande soknepresten. Trestamma var litt krokut, noko som symboliserte vegen Stein ofte har gått, sa Petra Synnes. Men nokre krokar hindra han ikkje, for ho hadde lært han å kjenne som god på organisering og fekk gjennomført det han ville.

-Verdens vakraste sokn

Velaug Vassbotn helsa med blomar frå Stranda kyrkjelyd, og leiar i Sunnylven sokneråd Stig Tryggestad overrekte eit bilete av kunstnaren Eldar Parr.

-Tusen takk for innsatsen, sa Tryggestad til Stein Karstensen. -Du har lagt ned mykje godt arbeid og ført vidare tradisjonen med folkekyrkja der alle føler seg heime. Eit eksempel på det var dansen frå barneleikarringen i kyrkja, både under avskilsgudstenesta og tidlegare.

Tryggestad var spent på om det ville kome ny prest i kyrkjesoknet som no er samanslege med Stranda. – Det må då vere nokon som vil vere prest i verdens vakraste sokn, sa Stig Tryggestad.

Gåva frå kyrkjelyden var eit bilete av kunstnaren Eldar Parr.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380