Lokalnytt

Hellesyltoppgåve knivar om gjev pris

Arkitektstudentane Tora Vollset til venstre og Anna Victoria van der Zwaag framfor planen av «ny» Hellesylt sentrum. Her frå presentasjonen under Hellesyltdagane.

Dei to NTNU-studentane Anna van der Zwaag og Tora Vollset har gått heilt til finalen til Aspelin Ramm-prisen med masteroppgåva si «Hellesylt nye fortellinger». Torsdag denne veka fell avgjerda om dei går heilt til topps.

«Hellesylt nye fortellinger» kalla Anna van der Zwaag og Tora Vollset masteroppgåva si. I løpet av eit par veker tidleg i vår var dei på Hellesylt og samla informasjon frå lokalpersonar og kommuneleiing, og gjorde seg sine tankar kring stadutvikling av Hellesylt. Det vart eit spanande og nytenkjande prosjekt for turiststaden innerst i Sunnylvsfjorden, ei endring som enkelt vart litt betenkt over, men som mange applauderte og vart begeistra for.

Oppgåva vart presentert av dei to arkitektstudentane under Hellesyltdagane, både frå utescena og med utstilling i tekst og modellar. «Å ta utgangspunkt i det eksisterande er ein god måte å drive stadutvikling på, sa Tora Vollset og Anna van der Zwaag.

Nytt sentrumsområde

Hovudideen i masteroppgåva var å skape eit levande sentrum mellom dei to daglegvarebutikkane og skulen på Hellesylt. Her skulle ny busshaldeplass kome, det skulle reisast eit langt bygg, ei bygdestove som kunne innehalde servicefunksjonar som turistkontor, noko Hellesylt manglar i dag, og der skulle vere kafé, kontor og møterom.

Det var innteikna ny inngangen til Peer Gynt galleriet frå sentrumsplassen, og der var forslag og idear om bruk av 15 «gamle» bygg i Hellesylt sentrum, og mange fleire detaljar til utvikling.

I e-post skriv dei to:

-Hellesyltoppgaven vår har kommet til finalen til Aspelin Ramm-prisen, sammen med tre andre masteroppgaver! Prisen er en nasjonal kåring av de beste masteroppgavene innen by- og tettstedsutvikling. Vi skal presentere oppgaven på Oslo Urban Arena i Oslo nå på torsdag. Her er link til info om prisen: https://www.aspelinramm.no/aspelin-ramm-prisen/ og link til brosjyre der de ulike nominerte oppgavene beskrives nærmere: https://www.aspelinramm.no/wp-content/uploads/are_oua_katalog2019_nett.pdf

Les også: https://www.hellesylt.info/2019/07/foreslar-nytt-tydeleg-sentrum-i-hellesylt/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380