Notiser

Vann ikkje, men god omtale

Finaledeltakarar: Frå venstre Tora Vollset, Anna Victoria van der Zwaag, vinnaren Emily Coch Fjeldstad, Olav Walthinsen, Siv Ruud Gronningen. (Foto: Skjermdump frå Aspelin Ramm-prisutdelinga)

Dei to NTNU-studentane Tora Vollset og Anna Victoria van der Zwaag fekk ikkje topplassen i konkurransen om Aspelin Ramm-prisen for beste masteroppgåve. Men «Hellesylt nye fortellinger» fekk heiderleg omtale av juryen.

-Vi nådde ikkje heilt opp, dessverre, men vi fekk masse positive tilbakemeldingar, skriv Anna van der Zwaag på spørsmål frå hellesylt.info då resultatet av konkurransen var klart.

Dei to stilte med masteroppgåva si frå NTNU som omhandla stadutvikling på Hellesylt. Her kom dei med flotte idear for vidareutvikling av ein liten tettstad, løysingar til glede og nytte for både fastbuande og turismen. Om dei er litt skuffa over resultatet har dei lov til det, at ikkje så gode tankar og idear presentert både skriftleg, munnleg og med modellar ikkje nådde opp.

Presentasjonen god reklame

-Vi fekk gode skussmål frå juryen, og mange fleire har høyrt litt om Hellesylt i dag, skriv Anna van der Zwaag til slutt i meldinga. Med andre ord førte deltakinga til masse gratisreklame for Hellesylt.

Det var Emily Coch Fjeldstad, tidlegare student ved NMBU som vann Aspelin Ramm-prisen for 2019, 30.000.- kroner og diplom. Masteroppgåva ho stilte med var «Kommunens adgang til å stille krav til håndtering av overvann».

Det hadde meldt seg 23 toppstudentar til konkurransen der fem kom til finalen, vinnaren Emily Coch Fjeldstad, Anna Victoria van der Zwaag, Tora Vollset, Siv Ruud Gronningen og Olav Walthinsen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380