Ina Breivik og «Margot» kjem på eldredagen

Ina Breivik i rolla som Margot blir å sjå og høyre på Sunnylven samfunnshus på eldredagen.

Ina Breivik, kjent som den aldrande Margot blir å sjå og høyre i Sunnylven samfunnshus på Sunnylven pensjonistlag si markering av eldredagen torsdag 3. oktober.

Sunnylven pensjonistlag markerer eldredagen 2019 med samling for medlemer på ettermiddag torsdag 3. oktober, og deretter ope møte for alle på Sunnylven samfunnshus. Her blir det innslag med artistdama som andre media har omtala som «det ustoppelege kjeftamentet med heftig kroppsspråk og mimikk».

Som Margot

Ina Breivik, kjent som Margot har jobba ved Teaterfabrikken i Ålesund saman med mellom anna Vibeke Haagensen og Astrid Overaa. Kva spenstig tema ho kjem til Hellesylt med er ei godt bevart hemmelegheit, men møt fram og opplev truskuldig humor og eit par morosame kveldstimar. Bli med Margot gjennom livet både i sorg, moro og kjærleik i Sunnylven samfunnshus. Billettsalet, kr. 200.- pr. pers. startar klokka 18.30, med programmet klokka 19.00.

-Medlemer i Sunnylven pensjonistlag er velkomne kl. 17.00 til enkel servering og program. Då spelar bandet «Fossedur» og tek oss med i allsong, skriv arrangøren.

FN og eldredagen

FN har og har hatt eit særskilt engasjement for eldredagen og rettar for eldre i verda. Heilt frå 1982 då eldredagen vart markert fyrste gong har fleire saker blitt tekne opp. Uavhengigheit for den enkelte, økonomi, menneskerettar og sosial utvikling er nokre av dei. FN sitt mål for eldredagen i år er å redusere ulikskap og setje søkelys på forskjellsbehandling.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380