Informerer om klimatiltak

Gjennom Parisavtalen har dei aller fleste land blitt samde om at temperaturen på jordkloden ikkje må stige med meir enn 2 grader i dette hundreåret.
Sunnmøre Regionråd, Klima Østfold og Stranda kommune inviterer til folkemøte om klima og klimatiltak i Storfjord kulturhus onsdag 25. september. Gjennom møter og drøftingar er dei fleste land samde om at utviklinga av temperatur på jorda vil påverke naturkrefter, ver og matproduksjonen. I Parisavtalen frå 12. desember 2015 står det at temperaturen på jorda ikkje må auke meir enn 2 grader i dette hundreåret om vi ikkje skal få ei uheldig utvikling. Korleis kan vi nå dette målet?
Under folkemøtet i Storfjord kulturhus blir det besøk frå Østfold fylkeskommunen som er komne langt i miljøarbeidet. Det blir sett søkjelys på tiltak ein lokalt kan setje i verk for å nå måletsetjinga, det blir innlegg frå næringslivet og miljørørsla, og det blir gruppearbeid med tema gode miljøtiltak.
Sjå programmet her: Programmet finn du på denne lenka. (PDF, 204 kB)
Tid og stad: 25. sep. kl. 18:00 – 20:30, Storfjord kulturhus, Stranda.