Ingers Trans tek over drosjekøyring i Sunnylven
I ei melding til hellesylt.info skriv selskapet Ingers Trans at dei frå 27. september har fått ansvar for å legge til rette for drosjetransport på Hellesylt. Det tidlegare selskapet, Hellesylt Taxi har sagt frå seg løyvet.
I meldinga skriv selskapet at dei vil vere tilgjengeleg 24 timar sju dagar i veka. Forandringa blir at det kan kome tilkøyringstakst på turane. Men kvar tysdag mellom kl. 10.00 og 13.00 er det mogleg å tinge drosje utan tillegg.
Ingers Trans oppfordrar alle som treng skyss om å tinge i god tid på førehand slik at selskapet kan samle opp fleire turar, vere i bygda og kunden får ei rimelegare reise. Drosje/turselskapet ønskjer informasjon om arrangement i helgane i Sunnylven, -då vil vi bemanne bil i bygda slik ein slepp tilkøyring, heiter det i meldinga sendt hellesylt.info.
Vakttelefon Ingers Trans: 404 51 333
Selskapet tilbyr: Taxi, Minibuss, Turbuss, Spesialbil for rullestol. Pasienttransport vil gå som før.