Inviterer til Hydrogenproduksjon

Sunnylven har fleire småkraftverk som ikkje får utnytta produksjonskapasiteten grunna for dårleg linjenett. Næringssjef i Stranda kommune, Inge Bjørdal ser eit potensiale i hydrogenproduksjon av innestengt kraft.
På Stranda kommune si heimeside blir det invitert til samarbeid om hydrogenproduksjon av såkalla innestengt kraft frå småkraftverk i Sunnylven, aktørar som kan medverke i produksjon og til distribusjon av energiberaren for mellom anna transport.
Les meir om prosjektet det blir jobba med å få i gong i Sunnylven i Stranda kommune.