Lokalnytt

Konsert med Sommer Trio i Lensmannsstova

Sommer Trio kjem med konsert til Lensmannsstova. Frå venstre Kristina Farstad Bjørdal, Marius Berglund, Ingeborg Ulberg Sommer.

Tysdag 24. september kjem Sommar Trio til Hellesylt og held konsert i Lensmannsstova på Lillebø. Også Gunhild Sindre og Synnøve Hjellbakk Hole medverkar.

Dei unge musikarane som gjestar Lensmannsstova denne gongen er Ingeborg Ulberg Sommer, fele, Marius Berglund, durspill, trekkspill og akkordeon, og Kristina Farstad Bjørdal, trekkspill og akkordeon. Dei tre har spela saman i fleire år, og til konserten i Lensmannsstova har dei sett saman eit variert repertoar som viser likheiter, forskjellar og tradisjonslinjer mellom bygdedans og runddanstradisjonar frå Møre og Romsdal og Rørosområdet, skriv dei i e-post til hellesylt.info.

Under konserten medverkar også Gunhild Sindre frå Nordfjord, og husvertinna Synnøve Hjellbakk Hole, begge kjente som gode aktørar på fele.

-Vi gler oss til konserten i Lensmannsstova på Lillebø, skriv Sommar Trio og lovar ein musikk med alt frå springarar og pols til bruremarsjar, og vare og kjente salmetonar.

Legg kveldsturen til Lensmannsstova og til ein ny konsert. Her har gamle tømmerveggar høyrt mykje flott folkemusikk før, og kanskje blir dette eit nytt høgdepunkt. Det blir sal av kaffi og meir.

Påmelding til: Synnøve Hjellbakk Hole, 909 51 185

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380