Listetoppane i Stranda diskuterte

Listetoppar i Stranda debaterte: I panelet frå venstre; Jan Ove Tryggestad (Senterpartiet), Frank Sve (Framskrittspartiet), Knut Dag Langeland (Arbeiderpartiet), Svein Lunde (Kristeleg folkeparti), Jan Håkon Vikane (Miljøpartiet Dei Grøne) og Svein Erik Rimstad (Høgre). Ordstyrarar i debatten var Britt Ingunn Maurstad og Vegard Riksheim Tandstad.

Politisk debatt mellom listetoppane i kommunen stod på programmet under Strandadagane søndag. Sjølv om løysingane på aktuelle saker sprikte, var debatten stort sett sakleg og verdig for politikarar i ei god kommune.

Arrangøren av debatten hadde henta inn ordstyrarar frå nabokommunane, redaktør av avisa Storfjordnytt, Britt Ingunn Maurstad, og lærar Vegard Riksheim Tandstad frå Sykkylven. Debatten som hadde fleire tema og varte i nær to timar vart godt styrt av dei to. I panelet sat Jan Ove Tryggestad (Sp), Frank Sve (FrP), Knut Dag Langeland (Ap), Svein Lunde (Krf), Jan Håkon Vikane (Mdg), og Svein Erik Rimstad (H). Etter ein runde der dei seks listetoppane fekk presentere seg var det rett på debattema.

Kommunesamanslåing.

Svein Erik Rimstad såg det som naturleg å sjå på samanslåing med Sykkylven. Han ville ha ei folkehøyring når forhandlingane var klare. Rimstad lika ikkje ja og nei-avstemmingar.

Frank Sve såg også samanslåing med Sykkylven som naturleg etter som Fjord kommune hadde sagt nei, og samanslåing med Ålesund var ikkje bra for Stranda. Sve ville høyre folket si meining gjennom folkeavrøysting.

Jan Ove Tryggestad var tilhengar av at ei folkeavrøysting skulle vere avgjerande for samanslåing eller ikkje. Kva folket meinte var avgjerande for om ei samanslåing skulle bli suksess.

Knut Dag Langeland sa det slik. –Vi veit kva vi har, men vi er usikre på kva vi får. Han ville også ha fokeavrøysting og lytte til den.

-Vi set igjen med Sykkylven som vårt alternativ, sa Svein Lunde. Han var samd i at folkemeininga måtte få kome fram, men var usikker på om han ville gå inn for folkehøyring eller folkeavstemming.

Jan Håkon Vikane ville ha ei større kommune. Å slå saman må bidra til noko nytt, meinte han og ramsa opp ny Volda og gjerne Ørsta og Sykkylven i same.

Eldreomsorg

Her vart debattantane utfordra på RO-rapporten. (Ressurssenter for omstilling i kommunane)

Frank Sve (FrP) var like klar frå debattbordet på scena som han har vore i fleire media. Kommunestyret bestilte ein rapport om Solbakken, men fekk noko heilt anna, sa han. RO-rapporten ville han skrote, bygge nye Solbakken, behalde sjukeheimsplassane på Hellesylt, og styrke heimehjelpa.

Jan Ove Tryggestad var usamd med Sve og meinte han feilinformerte. –Vi skal ivareta dei eldre, men også lytte til råd. Rapporten skal ut på høyring på folkemøte. Det er ikkje snakk om å legge ned noko, men gje gode tenester til dei som treng det, sa ordføraren mellom anna.

Svein Erik Rimstad ville ikkje skrote RO-rapporten før den var lagt fram og behandla, -så mykje respekt må vi vise fagfolk på området, sa han. Han så det som naturleg å tenkje nytt i framtida. Til det fekk Frank Sve replikk og slo fast enno ein gong at Solbakken eldresenter måtte byggjast ny no.

Også Knut Dag Langeland meinte det var viktig å lytte til fagfolk, men få ordningar slik at ein tok vare på dei eldre og sjuklaste, og at flest muleg fekk bu heime om dei ønska det.

Omsorgstenesten må styrkast, men på ein berekraftig måte, sa Svein Lunde.

Jan Håkon Vikane, Miljøpartiet Dei Grøne sin toppkandidat hadde ikkje sett seg inn i saka enno og hadde ikkje klare meiningar å kome med.

Debattantane var også innom «nordsjøvakter» med 12 timars turnus, ei ordning som blir utprøvd innan tenester i ein del kommunar. Litt meingsbryting kom fram også om dette, men ordninga skulle ikkje «klubbast vekk» før den var prøvd og ein hadde konkludert, vart det sagt.

Andre tema som var oppe i debatten var;

*Barn, ungdom og kultur

*Eigedomsskatt

*Turisme

Dette kjem vi med meir om seinare.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380