Litt temperatur kring eigedomsskatt.

Fleire aktuelle tema var oppe under politikardebatten mellom listetoppane til kommunevalet i Stranda

Siste del av den politiske debatten mellom listetoppane i Stranda kommune handla om tema som bygging av fleirbrukshall, eigedomsskatt, idrett og kultur, turisme, og om kven som ville støtte kven etter valet 9. september.

Fleirbrukshall

Alle i Stranda er samstemte om at det må byggjast ein fleirbrukshall. Semja mellom alle parti er stor om dette, og ein hall med all aktivitet den kan tilby vil styrke posisjonen til Stranda og søknadane til dei vidaregåande skulane, meinte Frank Sve, då tema fleirbrukshall vart reist under den politiske debatten frå utescena under Strandadagane søndag.

Også ordførar Jan Ove Tryggestad sa at politisk var det semje om at hallen måtte kome og at den var viktid for å sikre elevtilgang til Stranda vgs. og Vestborg vidaregåande skular. Det ville bli eit bygg som kunne romme mange slag aktivitetar, ikkje berre fotball, men også ein arena for konsertar og liknande, noko Stranda mangla i dag. Byggestart kan skje alt i 2020, sa ordføraren.

Idrett og kultur

For nokre år sidan var det løyvingar til kultur det vart skore ned på, no er ikkje det salderingsposten lenger. Kulturskulen i Stranda er fantastisk bra, noko vi må prise høgare både i taler og andre samanhengar, og støtte i budsjett, sa ordførar Jan Ove Tryggestad. Han vedgjekk at ungdom og idrett har blitt oversett dei siste åra grunna andre økonomiske utfordringar, men no hadde kommunen større handlefriheit. Han ville ikkje love gull og grøne skogar, men oppfordra til å nytte seg av ungdomsrådet. Og fleirbrukshallen ville gje fleire tilbod og aktivitetar, sa Tryggestad.

Knut Dag Langeland såg også på kultur og idrett som viktig, men tykte det var tarveleg at berre 30.000.- kroner skulle fordelast på alle idrettslaga i kommunen i år.

Frank Sve var samd med Langeland. -Desse 30.000.- kronene må vi setje på ein ekstra null, sa han, kanskje utan å tenke på kva beløp det vart.

Også Høgre var positiv til å støtte idrett og tiltak for ungdom, om ikkje med store beløp så i alle fall gjennom arbeid som var tenleg og til nytte for denne gruppa. Det same ville Krf. der Svein Lunde peika på den store innsatsen av friviljuge i Stranda og dei mange gode hendene, dei måtte ikkje gløymast.

Eigedomsskatt

Her vart det litt meir temperatur i debatten. Framskrittspartiet var klokkeklar på at no måtte eigedomsskatten fjernast. Det var ein usosial skatt som vart innført for å betale ned gjeld på drift. No var kommunen ute av Robek og det var lova at når det var gjort skulle den fjernast. No var det ingen grunn til å halde fram å krevje inn denne ekstraskatten, meinte Frank Sve.

Ordførar Jan Ove Tryggestad såg det annleis. –Vi bygge våre prognoser på beinhard realisme. Vi har ikkje tenkt å fjerne eigedomsskatten, men redusere den. Spørsmålet er kor stor investeringslyst politikarane har, sa ordføraren og nemnde renovering av Sunnylven skule, fleirbrukshall og omsorgssenter. Også drift av skular med fleirkulturelle elevar kravde ekstra pengar i drifta. Kommunen har også stor lånegjeld, om ikkje på topp i landet så mellom dei tre, fire med høgast gjeld pr. innbyggjar, sa ordføraren.

Frå nyttår blir max prosentsats for eigedomsskatt fem promille, sa debattstyrar Britt Ingunn Maurstad. I dag har Stranda eigedomsskatt på fire promille. Ordføraren såg føre seg at satsen kunne bli redusert, kanskje til det halve.

Miljøpartiet Dei Grøne ville behalde eigedomsskatten om ein trong pengar, Høgre ønska å trappe ned og få den heilt vekk, kanskje innan to år. Arbeiderpartiet ville heller ikkje fjerne skatten no, men på sikt redusere prosentsatsen. Heller ikkje Krf ville ta vekk eigedomsskatten no.

Turisme

Private investorar vil bygge cruisekai på Stranda. Det ville vere positivt, slik også utbygginga av Strandafjellet har blitt. Det gav no store inntekter, sa Sve.

Å eventuelt innføre ein turistskatt i kommunen var ikkje Høgre og Svein Erik Rimstad begeistra for, men kunne vere med å sjå på det. Han frykta utviklinga og ein viss butikkdød i Stranda sentrum, men var klar på at staden trong ikkje fleire butikkar som selde troll.

Miljøpartiet Dei Grøne var mot bygging av ei cruisekai på Stranda. Det var å bakover inn i framtida, sa Jan Håkon Vikane som tykte at også hyttebygginga på Strandafjellet tok for mykje av arealet. Vi må passe oss for fotavtrykk, sa Vikane.

Samarbeid

Debattantane fekk til slutt spørsmål om kven ordførar i Stranda ville bli etter valet.

Høgre: -Vi har vår eigen ordførarkandidat, så får valresultatet avgjere.

FrP: Vi har vår eigen ordførarkandidat.

Krf: Vil peike på Jan Ove Tryggestad.

Ap: Godt fornøgd med samarbeide i perioden som er gått. Fordeling i nemnder og utval er også viktig.

Mdg: Uklart, men nærmast til Sp.

Sp: -Eg håpar og trur på attval, men alle som stiller og blir valde skal behandlast med respekt, sa Jan Ove Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380