Mykje AIDA på fredag
Tidleg fredag 20. september la AIDAsol til kai på Hellesylt. Deretter gjekk båten til Geiranger der AIDA aura var. Seinare same dag kom AIDAaura til Hellesylt og la til ved cruisekaia, for siste gong på Hellesylt denne sesongen.
Cruisesesongen går mot slutten for i år. Til Geiranger er det sju anløp igjen, til Hellesylt fem. AIDAsol kjem tre gonger til, siste gong 20. oktober.