Mykje hjort og god jaktstart

Kommunen har ei talrik hjortestamme som bør reduserast, trur Konnerth. (Foto frå arkivet)

Hjortejakta i Stranda kommune har fått ein god start. Talet så langt er ikkje kjent, men på www.hjorteviltregister.no er det registrert mange felte hjort alt fyrste veka.

I heile Stranda kommune er det tildelt vel 900 fellingsløyver, om lag same tal som i fjor. Då vart det fram til 2. desember skote 424 hjort, mot 685 året før.

Om desse tala blir passert i år veit vi når jakta er slutt 23. desember. Det er i alle høve nok dyr å jakte på, fortel Asle Johan Bergseth Konnerth. På Røyrhus talde dei 100 dyr i ein flokk fyrste jaktdagen, og både på Sæter i Nibbedalen og i Holedalen i Sunnylven er det sett hjorteflokkar på rundt 50 dyr, seier han.

Snart kjem ein fullstendig oversikt over felte dyr så langt, men Konnerth veit at jakta har starta bra både i Sunnylven og i Strandadalen. Han ramsar opp nokre av jaktområda i Sunnylven der det den fyrste veka vart skote 8 dyr på Frøysa, 14 på Bjørdal, 7 på Vollset, Hauge 4, Røyrhus 8, og 8 på Tronstad. På Tryggestad vart det felt eit dyr på 132.5 kilo, kanskje den største til no.

Så langt ser det bra ut med jakta, seier Asle Konnerth som sjølv har felt to dyr i ei anna kommune.      -Hjortestamma i Stranda kommune er for stor og ein må håpar på ein reduksjon gjennom jakta. Men det er  jægeren bak våpenet som avgjer kor stor reduksjonen blir, seier Konnerth.

Eit «jægerhotell» i Sunnylvsbygda.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380