Nettside om villaksforvaltning i Korsbrekkeelva
Stiftinga Norsk Villaksforvaltning (SNVF) har laga ein demovideo om laksefiske i Korsbrekkeelva. –Vi har som mål å gjere elva til utstillingsvindauge i god lakseforvaltning, skriv dei.
Stiftinga Norsk Villaksforvaltning fekk etter søknad midlar frå næringsfondet, og har vore aktive i forhold til denne elva. Dei skildrar prosjektet dei søkte om midlar til slik:
«Prosjektet skal gjennom konkrete tiltak i Korsbrekkelva tilføre meir villaks i elva og auke verdiskapinga i lakseturismen for grunneigararar og andre lokale næringsaktørar. Målet er å gjere Korsbrekkelva til eit utstillingsvindauge for Møre og Romsdal i god lakseforvaltning og verdifull lakseturisme og overføre kompetansen til andre elveeigarlag rundt i fylket.»
Film og nettside
Det er no blitt laga ein kort videofilm, og SNVF har bilete fra fleire av soner og område i elva som er klar til å bruk på ei eventuell ny nettside som dei ønskjer å lage for elva. Sjå film frå Korsbrekkeelva: https://www.dropbox.com/s/zwgjw24u10yluxm/Korsbrekkelva%202019.m4v?dl=0
-Stiftinga Norsk Villaksforvaltning har fullført film og nettside for Beiarnelva som skal fungere som mal for det som blir laga for andre. Sjølv om få treng så mykje innhald som Beiarelva, så blir det ikkje ei simpel nettside som råtnar bort vi vil lage. Målet er også å ha ein aktiv blogg som blir linka mot Facebook. Då blir både nettside, blogg og Facebook besøkt av mange lesarar, og både lokalbefolkning og fiskarar får eit forhold til elva, heiter det i tilbakemelding til Stranda kommune.