Lokalnytt

Nytt godt val for Senterpartiet i Stranda

Ordførar Jan Ove Tryggestad leverte sin røystesetel ved vallokalet på Sunnylven samfunnshus. I røystestyret der sat frå venstre, Rolf Arne Ljøen, Kari Hauso Stadheim, Egil Røyrhus, Ivar Frøysadal og bak leiar Stig Tryggestad.

Stranda Senterparti gjekk fram, og Miljøpartiet Dei Grøne kom inn med eitt mandat. Krf mista eitt mandat, og Venstre er ute av Stranda kommunestyre.

Dette var endringane som kom etter at veljarane hadde tala 9. september. Ikkje dei store endringane frå 2015, men Senterpartiet og ordførar Jan Ove Tryggestad fekk stadfesta veljarane sin tillit. Frammøteprosenten var på 63.0, omlag som i 2015.

Bra frammøte i Sunnylven til valet

Mange kom til vallokalet for å levere sin røystesetel på Sunnylven samfunnshus måndag. Mellom dei var ordførar i Stranda, sunnylvingen Jan Ove Tryggestad.

Leiar for røystestyre i Sunnylven, Stig Tryggestad kunne fortelje om jamt, godt besøk av unge og eldre veljarar frå lokalet opna klokka 09.00. Då vallokalet i Sunnylven samfunnshus stengde kl. 18.00 hadde 74 prosent, inkludert førehandsrøyster gjeve si stemme.

Valresultatet

Kommunevalet i Stranda gav denne mandatfordelinga.

Senterpartiet: 12, eitt mandat fram

Framskrittspartiet 5, uendra

Arbeiderpartiet 3, uendra

Høgre 3, uendra

KrF 1, eitt mandat tilbake

Miljøpartiet Dei Grøne 1 mandat

Jan Ove Tryggestad får nok fornya tillit for nye fire år som ordførar i Stranda kommune.

Ved røystelokalet på Hellesylt leverte ordføraren si valrøyst måndag 9. september. Ordføraren representerer Stranda Senterparti og går mot sin niande periode i Stranda kommunestyre, dei to siste som ordførar. Jan Ove Tryggestad står også på 3. plass på fylkestingslista for Sp, så om partiet gjer eit normalt godt val blir det fast plass også der.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380