Lokalnytt

På lovleg epleslang

Her er heile jengen frå Byrg kompetanse frå Stranda samla kring ein stor bilhengar, full av epler.

På badestranda på Hellesylt står fleire epletre, i år bugnande av frukt. Torsdag vart dei hausta av Byrg kompetanse frå Stranda.

Ti brukarar og tre rettleiarar frå Byrg kompetanse var torsdag på badestranda på Hellesylt og hausta epletrea. Og dei var på lovleg epleslang, for Hellesylt UL hadde gjeve løyve til å hauste all frukta. Plukkarane frå Byrg jobba trutt så til slutt vart det mange kasser i bilhengaren og i ein annan varebil, kanskje 4-500 kilo, anslo Randi Sæter, avdelingsleiar ved Byrg kompetanse på Stranda. Her var det fint å hauste, for her var terrenget flatt der trea stod, sa ho. Også to andre tilretteleggarar, Inger Helen Sæter og Thor Arne Brunstad Rausand var med på eplehaustinga like ved Sunnylvsfjorden.

– Eg sa det til dei at torsdag skal vi til verdens vakraste plass og plukke eple, og då visste dei kvar vi skulle, vi skulle til Hellesylt, fortel Randi. På badestranda hadde ho fått god varme på grillen og der frå vart det servert pølse og grillmør med brød til alle.

Epletrea er store så ei god løysing var å riste greinene så tatt epla ned. Dei skulle ikkje lagrast, men pressast til saft ganske snart.

Dei mange kassene med eple, som var økologisk vare utan sprøytemiddel skulle det bli nydeleg eplemost av. Også i Valldal hausta Byrg eple denne dagen. Begge sentra samarbeider med Valldal Grønt og får pressa frukta der, hovudsakleg til saft. Eplemosten har tidlegare blitt selt frå ein butikk og på messer. Det vil den bli i år også, men interesserte kan ta kontakt direkte til Byrg kompetanse så får ein kjøpe så langt lageret rekk, sa Randi Sæter.

Det vart nok mange flasker eplemost av lasset som for frå badestranda på Hellesylt torsdag. Men ei god vare er alltid lett å selje, så den som er interessert i å kjøpe bør ikkje vente for lenge.

Og den som jobbar må ha mat. Det sytte Randi Sæter for frå grillen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380