Quiz på Peer Gynt galleriet fredag

 

Ta frikveld frå hjortejakt og TV og jakt heller på vinnarpremien i Quiz på Peer Gynt galleriet fyrstkomande fredag.

Komande fredag, 4. oktober blir det Quiz på Peer Gynt galleriet med påmelding.

Grunna andre arrangement vart Quiz- kvelden på Peer Gynt-galleriet utsett i august, men fredag 4. oktober er det klart.

Dørene opnar kl 19.00, og spørsmål sett saman av Eivind Louis Helset blir å teste kunnskapar på frå klokka 20.00. Som vanleg kan det vere inntil seks personar på kvart lag, og deltakarpris er kr.100.- pr. person.

Påmelding til Eivind Louis Helset, mob. 94316136 innan torsdag kl 20.00. Enkel servering.

Styret i Peer Gynt galleriet ynskjer alle velkommen til quiz igjen!

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380