Siste gudsteneste med Stein
Mange kom til Sunnylven kyrkje då sokneprest i Sunnylven og Geiranger Stein Karstensen heldt si siste gudsteneste søndag. Etterpå vart det kyrkjekaffi, takketaler og gåver til den avtroppande soknepresten på kyrkjelydshuset.
Søndag vart ein litt vemodig dag, men også med glade innslag i Sunnylven kyrkje. Gleda fordi kyrkja var pynta til hausttakkefest, ei årleg markering når dei fleste avlingar er i hus. Som vanleg var det Sunnylven bygdekvinnelag som stod for pyntinga. Og døme på årets grøde kom born frå barnehagen med i korger fulle av alt det gode, rotvekster, frukt og blomar som dei plasserte ved altarringen.
Innslag med born
I oktober 2013 kom sokneprest Stein Bernhard Karstensen til teneste i kyrkjesoknet for Sunnylven og Geiranger. Søndag 29. september hadde han si siste gudsteneste, og avskil med presten som mange har blitt glade i. Ikkje minst har han hatt eit fint og godt forhold til born. Søndag sette mettopp dei «farge» på gudstenesta, fyrst var det barneleikarringen som dansa seg inn midtgangen i kyrkja til tonar frå Synnøve Hjellbakk Hole på fele og Gunnar Inge Eide orgel. Deretter var det barnehageborna sin tur med fleire kvikke songar, før unge skuleelevar las bøner.
To gamleprestar
-Det var kjekt å sjå barneleikarringen danse inn i kyrkja, sa prost Svein Runde som var til stades og opna gudstenesta med å ønske alle vel møtt. Han var i Sunnylven søndag for å ta avskil med Stein Karstensen som sokneprest og takke han for innsatsen i kyrkjesoknet gjennom seks år. Og no når Stein sluttar var det to gamleprestar i Sunnylven så heretter måtte ein bruke namnet til den ein meinte, skjemta Svein Runde. Han tykte det var utruleg kjekt å vere tilbake saman med kyrkjelyden.
Song og musikk
Stein Karstensen heldt preika under gudstenesta, den aller siste som sokneprest i Sunnylvs-kyrkja. Hellesylt songlag har ikkje starta øvingane for hausten enno, men med god rutine vart det eit flott gjenhøyr med koret under hausttakkefesten i kyrkja i to songar. Også vakker å høyre Kristin Storstein i solosong med Gunnar Inge Eide ved pianoet, og Ådne Kjellstadli som spela imponerande til postludium på piano.