Lokalnytt

«Slengarar» svekker partilista ved kommunevalet

Måndag 9. september er et val til kommunestyre og fylkesting. På baksida av røystesetlane står rettleiing om ein ønskjer å endre på røystesetelen.

Både ved kommunestyre og fylkestingsvalet kan ein gje personrøyster til kandidatar på lista. Personrøyster gjev ein ved å setje eit kryss i ruta ved namnet til kandidaten.

Til kommunestyrevalet kan ein føre opp kandidatar frå andre lister. Talet på såkalla slengarar som er lov å føre opp er etter storleik på kommunestyret. I Stranda kommune er det lov å føre opp inntil seks listekandidatar frå andre liste (parti). Dette gjer ein ved å skrive namnet til kandidaten i oppmerka felt for «Kandidatar frå andre lister». Bruk store bokstavar, svart eller blå penn, men husk; Ved å føre opp kandidatar frå andre lister blir lista du brukar svekt med om lag fem prosent for kvar slengar som blir ført opp. Til fylkestinget er det ikkje lov å føre opp slengarar.

I Sunnmørsposten onsdag 4. september er det ein utfyllande artikkel om reglane for røysting både til kommunestyre og fylkestinget. Godt val!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380