Storsiger til Stranda/Sunnylven

Her trillar 7-0 inn for Stranda/Sunnylven i kampen mot Bergsøy.

Damelaget til Stranda/Sunnylven vann heile 9-0 over Bergsøy i seriekamp 4. divisjon søndag. Sigeren var avgjort så fortent, og den klart største av fire sigrar så langt i år.

Stranda/Sunnylven: Christina Linnea Holmberg, Catja Braseth, Marte Mehl Settebakk, Madelen Selene Hauge, Silje Kristin Stadheim, Seva Ansok Farstad, Julie Adriana Rjånes, Eline Langlo, Vanja Trøen Frøysa, Ingvild Fauske Dalen, Olene Lade, Bertine Lade, Sara Sæther, Pia Horremsbakk Bergersen, Lillian Synnøve Aasheim.

Publikum svikta, men damelaget til Stranda/Sunnylven leverte på Hellesylt stadion søndag. Då domar Henning Skjæret, Volda Ti-Fotball bles av for full tid lyste det 9-0 på stadiontavla. Ved pause var stillinga 3-0.

Det var Bertine Lade som starta målfesten for heimelaget. Deretter sette Seva Ansok Farstad inn mål to, før Pia Horremsbakk Bergersen ordna 3-0. Pia har tidlegare spela på Stranda J16, og kampen mot Bergsøy var den fyrste på seniornivå. Sjølvsagt stas å skåre mål i sin fyrste kamp, ikkje berre eitt, men to som kom i andre omgang. Men det var Olene Lade som gjorde burvaktar og gjesteforsvaret nesten svimle. Toppskåraren gjennom sesongen donka inn fem mål for laget. Kalassiger enda på 9-0.

Ut frå resultat på søndag bør laget spele fleire heimekampar på Hellesylt stadion. Også Hødd 2 fekk stryk her i vårkampen. Ikkje uventa møtte vi to svært nøgde trenarar, Thomas Roset og Frode Verpeide. Etter litt «sure» tap nyleg var det godt med ein siger no. Og det positive var at denne gongen heldt kreftene heile kampen ut. Tidlegare hadde det «slokna» litt det siste kvarteret, sa Verpeide. Han tykte det var flott å få nye spelarar inn i spelargruppa som greidde seg flott, og sikta til Pia Horremsbakk som på seniornivå skåra to av måla.

No ventar Valder borte i neste kamp, eit lag som ligg om lag på same poengsum som Stranda/Sunnylven. Og 27. september kjem Ørsta til Hellesylt stadion. Då bør også publikum møte fram og sjå laget som spela godt mot Bergsøy.

Målskårarar for Stranda/Sunnylven, frå venstre Olene Lade, Seva Ansok Farstad, Pia Horremsbakk Bergersen , Bertine Lade.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380