Lokalnytt

Stort frammøte på haustfest

Masse folk på haustfest på Sunnylven omsorgssenter, nesten så daglegstova var for lita.

Rundt 60 var samla i daglegstova då pårørandeforeininga arrangerte haustfest for bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter laurdag. Her vart det to trivelege timar med underhaldning, utlodding, kaker og kaffi.

Leiar i pårørandeforeininga ved Sunnylven omsorgssenter Frank Øksvang, og styremedlem Ruth Hole Aaland leia festen som opna med song og musikk av Halvards trio. Musikarane Knut Hansen gitar og vokal, Halvard Urke trekkspel og Oddmund Espe bass serverte eit knippe kjende og kjære melodiar, både som instrumental og vokalframføringar. Det var innslag som begeistra og fekk velfortent applaus.

Sponsa av kjøttvarebedrift

Eit bugnande kakebord var på plass, det same var fleire flotte gevinstar som vart trekte ut etter åresal, og deretter vart festen avrunda med nye musikalske innslag frå Halvards trio.

Ruth Hole Aaland takka mange, alle som kom og alle som hadde hjelpt til, baka kaker og gjeve gevinstar. Stor ros vart også spelemennene til del, som fekk spekemat sponsa av Ole Ringdal AS som takk. Matgåve frå kjøttvarebedrifta vart det også på Jan Erik Øksvang, ein gledesspreiar som stadig er innom og bidreg med underhaldning for bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter, sa Ruth Hole Aaland.

Kakebordet under haustfesten var både rikhaldig og variert.

Årsmøte i pårørandeforeininga

I etterkant av haustfesten laurdag hadde pårørandeforeininga sitt årsmøte med val. På møtet vart det prata omkring fleire saker, som eldreomsorg og bemanning ved omsorgssenteret. Ved val av styre i pårørandeforeininga vart det attval der desse er med:

Frank Øksvang leiar, Bente Tryggestad nestleiar, Ruth Hole Aaland skrivar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380