Lokalnytt

Stranda inviterer til treff med opplevingar

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik opnar det årlege bransjetreffet for reiselivsaktørar på Stranda torsdag 3. oktober. Og i fleire dagar etterpå blir Stranda treffpunkt for gode opplevingar av natur, mat og drikke.

(Alle bilete: frå facebook)

Til Stranda kjem også Kristin Krohn Devold frå NHO Reiseliv, Arne Brimi frå Vianvang i Vågå, Andreas Storl frå European Cruise Service og Bente Saxon frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

I ei pressemelding om arrangementet seier initiativtakar Anders Adolfsson at målet med bransjetreffet er å legge til rette for ein nyttig møteplass for ulike aktørar i reiselivet, og å skape endå betre heilskaplege opplevingar for dei som besøkjer området.

Vil skape magi

–Vi må heie på kvarandre, spele på lag og gjere kvarandre gode. Slik kan vi skape gode møte mellom menneske, noko av det aller viktigaste for dei som kjem hit. Vi er sjeldan gode på alt, men når vi samlar ressursane kan vi saman skape magi, seier Adofsson.

Gode smakar

Treffpunkt Stranda vert i år arrangert for 2. gong, og har som mål å bli ein årleg nasjonal møteplass for reiselivsbransjen. Her blir det gode opplevingar både av natur, drikkevarer og mat.

Espen Smith, kjent som forfattar, kåsør og lærar ved Norsk Somellier Utdannelse, vil dele av sin kunnskap om øl og akevitt og gode matopplevingar. Arne Brimi og Harald Osa kjenner dei fleste, og her kan du få inspirasjon om korleis ein kan bruke norske råvarer og skape mat med identitet.

Samarbeid med fleire

Det er Anders Adolfsson, til dagleg kjøkkensjef/konseptansvarleg på Stranda Hotel, vert på Paviljongen Roalden, og prosjektleiar i det 3-årige prosjektet Smaken av Sunnmøre, som har treke initiativ til Treffpunkt Stranda. Med seg har han fått gode samarbeidspartnarar m.a. Storfjord Kulturhus, Stranda kommune, Sykkylven kommune og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Også Oscar Almgren i Uteguiden, og Åsne Folstad, dagleg leiar i Sykkylven Næringsutviklinger er begge med i arrangementet.

Næringsmiddelhovudstad

-Treffpunkt Stranda er i høgste grad med på å setje Stranda på kartet som næringsmiddelhovudstad. Dette er nemleg kommunen sin ambisjon, ikkje mindre, seier næringssjef Inge Bjørdal. – Vi representerer eit blå-grønt triangel basert på spekemat, sjømat og lokalmat, seier han.

Variert

Programmet fredag byr på merkevarebygging, samarbeid i næringa, gode mat- og drikkeopplevingar, cruise og lokal verdiskaping. Denne helga blir det også turar med gondolen opp til Fjord Panorama, teste lokal mat og lokalt brygg, og det blir kajakktur på Storfjorden.

Treffpunkt Stranda vert avløyst av Stranda Porter & Stout-festival fredag og laurdag, så her skal det bli litt for ein kvar smak, lovar Adolfsson.

Du finn meir informasjon om Treffpunkt Stranda på www.treffpunktstranda.no og www.porterfestival.com

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380