Trivelege tonar på omsorgssenteret

Det var godt frammøte då Halvards Trio song og spela i halvannan time på Sunnylven omsorgssenter

Ved Sunnylven omsorgssenter var nesten alle bebuarane samla i daglegstova måndag. Der var det underhaldning med konsert av tre glade spelemenn.

Dei sat tett i daglegstova ved Sunnylven omsorgssenter måndag så der var ikkje plass sjølv om det kunne vere fristande til å svinge seg til tonane frå Halvards Trio. Men kjekt hadde dei det, for på repertoaret til Knut Hansen, Halvard Urke og Oddmund Espe stod kjende populærlåtar frå 50 –og 60-talet, frå åra då bebuarane sikkert trakka festlokala både i heimbygda og i nabobygdene.

Tre glade spelemenn, frå venstre Oddmund Espe, Halvard Urke og Knut Hansen.

-Vi synest det er triveleg å få kome hit og underhalde, vi føler dei set pris på det og likar musikken vi spelar, sa Knut Hansen. Han trakterer gitar og syng, dei to andre i trioen, Halvard Urke og Oddmund Espe trakterer trekspel og bassgitar. Dei glade spelemennene har underhalde med musikk og song på Sunnylven omsorgssenter mange gonger før, og dei kjem tilbake under fest og årssamling i pårørandeforeininga laurdag 14. september, fekk vi oss fortalt.

Konserten måndag kom i stand etter initiativ frå Jan Erik Øksvang. Han er stadig på omsorgssenteret med underhaldning for bebuarane. Måndag takka han musikarane i Halvards Trio for konserten og overrekte ei blomster til kvar av dei tre som ei lita påskjønning, ei gåve som var sponsa av ei daglegvareforretning, sa han.

Jan Erik takka og overrekte kvar si blomster til karane i Halvards Trio.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380