Vann sin fyrste seriekamp

I vanleg god sportsånd takka Sunnylven (rødt) og Hjørungavåg kvarandre for kampen.

Sunnylven J10 år, 5-ar vann 6-3 over alderskollega Hjørungavåg i seriekamp på Hellesylt stadion laurdag.

Tidlegare sesongar har Sunnylven J10 spela turneringskampar som har enda med både tap og sigrar. I år er laget med i seriespelet, og det har blitt tapte oppgjør heilt til laurdag. Då kom den fyrste sigeren i ein seriekamp. Så då aspirantdomar Olai Sætreås Kristoffersen bles av etter to gange 30 minutt lyste det 6-3 til heimelaget på stadiontavla. Ikkje rart at spelarane jubla litt.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380