Notiser

Årets Bygdeminne er klart

Mellom mange pizzaøskjer har Arne Hovlid funne fram den aller fyrste som var nytta ved fabrikken på Stranda. (Foto: Arne Inge Tryggestad, omslagsbilete til Bygdeminne)

Det 36. Bygdeminne frå Stranda sogelag er kome frå trykkeriet. Måndag 4. november blir det presentert under kulturkveld på Storfjord kulturhus.

Harald Lied, Stranda har vore redaktør av årsskrifter for 2019, og Arne Inge Tryggestad, Hellesylt har utført det grafiske arbeidet med boka på nær 200 sider.

Innhaldet er som vanleg variert med skildringar og historier der både nye og «gamle» skribentar har levert sine bidrag. Ein av dei er Asbjørn Gjærde, men også Ivar B. Berge, Svein Inge Sunde, redaktøren sjølv og fleire har gjort årsskriftet til interessant lesnad.

At pizzaeventyret fekk sin plass i Bygdeminne er både rett og rimeleg. Her fortel den fyrste fabrikksjefen, Ivar Moss korleis det heile kom til, og vart ein stor arbeidsplass på Stranda. Matretten visste fabrikksjefen svært lite om den gongen.

Bygdeminne fortel også om ei kommune uvanleg rik på kulturminne, Svein Ivar Sunde skriv om Flofjellvegen, ein av dei flotte turvegane i kommunen, og Asbjørn Gjærde skriv om Midttun, eit kombinert bustad –og forretningsbygg i 1930 på Sløgstad.

Lars Petter Knivsflå har vore snikkar, men også trekunstnar, og Harald Lied har prata med geiranger-guten som i unge år var ein lovande langdistanseløpar. I Bygdeminne er både ein god prat og mange bilete av det Knivsflå har laga i både treskurd og av modellbåtar.

No har vi trekt fram berre litt av det ein kan lese i årsskriftet frå Stranda sogelag. Måndag 4. november blir det rikhaldig kulturkveld i Storfjord kulturhus med presentasjon av Bygdeminne 2019.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380