Ekstra cruisebåt til Hellesylt

Norwegian Spirit kjem med ekstra anløp til Hellesylt cruisekai torsdag 3. oktober.

Grunna dåleg ver endrar cruisebåten Norwegian Spirit seglingsplanen og legg eit ekstra anløp til Hellesylt torsdag 3. oktober.

Stranda Hamnevesen melder at cruisebåten Norwegian Spirit kjem til Hellesylt kai torsdag 3. oktober. Båten blir på Hellesylt heile dagen frå klokka 08.00 til 17.00.

Norwegian Spirit er 268.8 meter lang og har 2639 passasjerar og besetning om bord.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380