Får støtte til Kløverturar

På Korsbrekke med nokre av deltakarane under Kløvertur i september.

Sunnylven sanitetslag arrangerer Kløverturar, korte trimturar for alle aldersgrupper med matservering og sosialt samvær etterpå. Sparebanken Møre støttar arrangementet økonomisk.

Sunnylven sanitetslag søkte Sparebanken Møre om økonomisk støtte til Kløverturarrangementa og her er svaret laget har motteke;

-Vi ynskjer å verdsetje gode idéar og prosjekt som er med på å gjere lokalmiljøet vårt til ein attraktiv stad å bu og leve. Dette synes vi Sunnylven sanitetslag bidrar til. Sparebanken Møre har difor gleda av å tildele prosjektet -Vidareføring av Kløvertur- kr 10000,-

Sunnylven sanitetslag har planlagt og arrangerer neste Kløverturar torsdag 7. november. Opplegget er det same med frammøte ved Kyrkjelydshuset og start kl. 17.30. Bli med, turen er for alle! Husk refleksvest.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380