Fekk heim sauer og lam uventa

Her legg Ole Hjalmar, Frank Ole og Bente Bonsaksen til land i småbåthamna på Hellesylt med åtte sauer og lam. Gjætarhunden Diesel vaktar flokken. Beitebåten

Sauebonde Per Kjell Leite sende 169 dyr på sommarbeite i Oaldsbygda i vår. Etter sankinga i haust mangla han 19, men søndag kveld fekk han litt overraskande heim åtte dyr til.

Det var folk i Geiranger som hadde sett sauer høgt i fjellet i Geirangerfjorden aust for elva som kjem frå Gomsdalen. Søndag drog Frank Ole, Ole Hjalmar og Bente Bonsaksen med Beitebåten inn fjorden for å hente sauene som viste seg å høyre til hos sauebonden på Tryggestad. Dei hadde med seg to gjætarhundar, Todd og Diesel.

Sauene var ikkje heilt viljuge til å forlate friheita i Geirangerfjorden, men takka vere Todd måtte dei ned og om bord i båten til slutt. –Vi hadde ikkje greidd å få dei ned utan hunden, for dei la i veg mot Geiranger. Men Todd sprang rundt og fekk snudd dei, før han hjelpte og manøvrerte dei ned til fjorden og om bord i båten, fortel Frank Ole Bonsaksen.

Jobben høgt til fjells i litt urydding terreng i lag med ulydige sauer tok på. Då Beitebåten med dyr og folk la til kai på Hellesylt låg Todd i dørken og kvilte. –Der har han lege på heile heimturen, fortalde Bente Bonsaksen. På land i småbåthamna tok han eit siste, strengt farvel med sauene.

Per Kjell Leite fekk heim nye åtte dyr og var strålande nøgd. Om det dukkar opp fleire veit han ikkje, men håpet er der. Kanskje kan sauen med to lam vere i live ein stad, seier han. Resultatet i år er likevel langt betre enn i fjor då han mista tre vaksne sauer og 32 lam.

Også beiteforholda må ha vore gode i år. Per Kjell fortel om slaktevekter på lamma på langt over 20.0 kilo i gjennomsnitt. Dei to største vog 30.7 og 28.9 kilo, fortel han.

Sauene er klar for neste reis mot Tryggestad, og Todd er komen på land for eit siste strengt farvel for denne gongen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380