Lokalnytt

Frå Næringslag til Utvikling på Hellesylt

Ole Hjalmar Bonsaksen, Ellen Fivelstad og Bente Bonsaksen er alle med i interimstyret på fem som førebur ordinært årsmøte i Hellesylt Utvikling. Dei håper på positiv oppslutning om laget frå både unge og eldre, og bedrifter.

Hellesylt Næringslag er historie. Eit interimstyre på fem fekk jobben med å verve medlemer og førebu ordinært årsmøte i eit nytt lag, i Hellesylt Utvikling i februar 2020.

Tysdag 8. oktober var det kalla inn til årsmøte i Hellesylt Næringslag. Utanom vanlege årsmøtesaker inneheldt saklista eit punkt om -laget si framtid og vegen vidare.

Hellesylt Næringslag vart skipa 24. november 1977. I snart 42 år har laget jobba for næringslivet i bygda og for medlemane sine interesser, men dei siste åra har aktiviteten i laget blitt mindre. På årsmøtet møtte 11 medlemer og der vart det vedteke å endre namnet til Hellesylt Utvikling. Det vart valt eit interimstyre på fem som skal jobbe og førebu skipinga fram til ordinært årsmøte i februar der desse er med: Bente Bonsaksen, Ole Hjalmar Bonsaksen, Ellen Fivelstad, Helge Kvam Karbø og Arild Hole.

Skape ei levande bygd

Dagen etter fekk vi eit møte med tre av personar i interimstyret for Hellesylt Utvikling. Vi møtte Bente Bonsaksen, Ellen Fivelstad og Ole Hjalmar Bonsaksen på Hellesylt bro frå 1902 klokka to, nesten slik diktaren Henrik Ibsen ville ha avtala møte. Men det vi skulle snakke om var ikkje oppdikt, men saker som engasjerer på Hellesylt.

-Vi vedtok at laget heretter skal heite Hellesylt Utvikling. Eit interimstyre skal jobbe fram til ordinært årsmøte i februar 2020 med å verve medlemer og finne personar som vil ta på seg både leiarjobb og vere med i styre. Optimismen rår og målet er å skape og framsnakke ei levande bygd med aktivitet, tilbod og nye arbeidsplassar. Vi vil jobbe for utvikling i staden for avvikling, slår dei tre frå interimstyret fast.

Rassikring

I samtalen vår kring rastebordet ved Hellesylt bro spør vi om saker som Hellesylt Utvikling skal jobbe med, og då får vi fort mange. Men dei ser også at mykje ikkje har vore lett å få orden på grunna byggeforbod, Åknes-problematikken og ei kommune på Robek-lista.

Men den saka dei tre ser som kanskje den viktigaste er rassikring av Hellesylt sentrum. Mangel på rasvoll i område Årskogkvia har vore ein bremsekloss for tiltak og utvikling. Det må no få si løysing, meinar dei.

Trafikk og fossevandring

Ei anna sak er trafikken på Hellesylt bro sommarstid. Brua er smal og tek ikkje unna bilar og folk samtidig på ein trygg måte. Dette er ikkje godt nok for fastbuande slik trafikken foregår i dag og må no få ei løysing, seier Bente Bonsaksen. Ho ser for seg ein kombinasjon med fossevandring, gangveg rundt Hellesyltfossen, og gjerne med ein avstikkar forbi Høge bru og inn gjennom elvejuvet der. Og så må sjølvsagt lysa i Hellesyltfossen setjast i stand igjen, seier ho.

Meir servicetiltak

Av andre saker utviklingsselskapet vil følgje med på er cruisetrafikken. Her vil laget kome med innspel på tiltak for å få turistar til å stoppe lenger på Hellesylt. -Vi kan ikkje vere nøgde med at Hellesylt berre skal vere ei transitthamn, vi må gjere tiltak, ikkje sjå begrensningar, men moglegheiter, seier Ole Hjalmar Bonsaksen.

Ei anna sak Bonsaksen ikkje synest er bra nok er toalettforhold for reisande i og kring Hellesylt. Også på Ljøen der ski og vinterturisme har auka kraftig har det vore eit problem, men no er det snakk om at Vegvesenet vil halde opne toalett ved utkikkspunktet. Det er bra, for eit toalettbesøk er ofte ei nødvendigheit, også for skituristar, seier Ole Hjalmar Bonsaksen.

Hellesylt Utvikling blir eit nytt lag med nye medlemer og nytt styre. Fram til ordinært årsmøte i februar 2020 vil interimstyre jobbe med medlemsverving, finne personar som vil vere med å framsnakke Hellesylt, få kontakt med lag og organisasjonar, og med unge som vil bu og jobbe på Hellesylt i framtida. –Skriv at om nokon har lyst å vere med og gjere ein jobb må dei gjerne ta kontakt. Bygda må stå saman, då får vi til noko, seier dei tre.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380