Notiser

Gode smakar og tombola på laurdagskafé

Laurdag 12. oktober inviterer Sunnylven sanitetslag til kafé på Sunnylven samfunnshus. Det blir tombola, kaffi, kaker og sosialt samvær.

Det blir ikkje basar denne gongen, men vinnarlukka er god likevel. Eit stort antall gevinstar, store og små kan vinnast på snurrelodd. Der er gevinstar med godteri, pynteting og mykje anna.

Også eit stort kakebord kjem på plass i tillegg til sal av kaffi/te, og saft fortel damene i sanitetslaget. Dei håper på godt frammøte slik det alltid brukar å vere på laget sine laurdagsarrangement.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380